Religion

Jehovas vitne dømt til lange fengselsstraffar i Russland for å ha organisert «ekstremistiske aktivitetar»

TRUSFRIDOM: Tysdag denne veka blei tre menn og ei kvinne i Jehovas vitne dømt til fleireårige fengselsstraffar for deltaking i trussamfunnet. – Dei er samvitsfangar, tiltalt utelukkande for deira fredelege utøving av religions- og ytringsfridom, seier Amnesty sin Russland-ekspert.

– Situasjonen i Russland er noko som opptek og engasjerer Jehovas vitne i heile verda. Fleire av våre trusfeller i Noreg og elles skriv brev til dei som sit fengsla for si tru for å oppmuntre dei med tankar frå Guds ord Bibelen, skriv Fabian Fond i ein e-post til Vårt Land.

Fond er kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitne.

Sidan trussamfunnet i 2017 blei stempla som ein ekstremistisk organisasjon av russisk høgsterett, har fleire av medlemmane blitt straffeforfølgde for deltakinga i trussamfunnet. Seinast tysdag denne veka blei tre menn og ei kvinne dømt til det Jehovas vitne sjølve seier er nokon av dei lengste og hardaste straffene til no.

Fabian Fond er kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitner.

Rustam Diarov (48), Yevgeniy Ivanov (44), and Sergey Klikunov (46) blei alle dømte til åtte år i fengsel, noko som saman med ein dom frå i sommar skal halde den tvilsame rekorden for lengste fengselsstraff for deltaking i Jehovas vitne i Russland.

Same dag blei også Olga Ivanova (38) dømt til tre og eit halvt år i fengsel og skal med dette vera den kvinna som har fått lengst fengselsstraff.

– Dei blir straffeforfølgde berre for å fredeleg praktisere si tru, lese i bibelen og snakke med vener om det dei trur på. Samstundes blir me varme om hjartet når me ser deira positive innstilling og sterke tru, trass i det grufulle dei blir utsette for, skriv Fond.

– Me vil halde ut

Olga Ivanova og Yevgeniy Ivanov er gift, og på nettsidene til Jehovas vitne seier Olga at ho saknar ektemannen, men at det oppmuntrar ho å tenkje på at Jehova var vekke frå sin gode venn Jesus i 33 år for alle menneske si skuld.

– Me treng sannsynlegvis ikkje å vera frå kvarandre like lenge, og eg er sikker på at me vil halde ut alt med støtte frå Jehova, står det på nettsida.

Natalia Prilutskaya er Amnesty International sin Russland-ekspert. Ho stadfestar at dei nylege dommane er nokon av dei strengaste straffene dei har sett til no i Russland sidan Jehovas vitne offisielt blei forbode i 2017. Ho seier dei merkar seg ein trend med stadig strengare straffar.

– Dei fire som blei dømt er samvitsfangar, tiltalt utelukkande for deira fredelege utøving av religions- og ytringsfridom, og må bli lauslatne umiddelbart og utan vilkår, skriv ho i ei pressemelding.

Konstante truslar og trakassering

– Jehovas vitne sin situasjon i Russland er alvorleg: dei står konstant overfor truslar og trakassering. Og fleire og fleire straffesaker blir opna mot dei fredelege truande under oppdikta skuldingar om «ekstremisme», skriv Prilutskaya i ein e-post til Vårt Land.

Natalia Prilutskaya er Amnesty International sin Russland-ekspert

Ho seier styresmaktene i 2017 lova at dei truande framleis skulle kunne utøve trua si, men at dei ikkje ser ut til å ville halde lovnadane sine.

– Styresmaktene tolkar vanleg praktisering av trua som «deltaking i aktivitetar av ein ekstremistisk organisasjon», eller å gje pengar eller kollekt blir tolka som «finansiering av ein ekstremistisk organisasjon».

Jarrod Lopes, international talsperson for Jehovas vitne skriv i pressemeldinga at så strenge straffar som ein ser i denne saka vanlegvis er reservert for skamlause, valdelege kriminelle.

– Det er absurd nok at ein fredeleg kristen kan bli fengsla i det heile, om dei ikkje skal få lengre straff enn kidnapparar og valdtektsmenn.

Strafferamma for grov lekamsskading er etter russisk lov inntil åtte år i fengsel, medan det for kidnapping er opp til fem år.

På Jehovas vitne sine nettsider skriv dei at det i Russland per oktober 2021 sit over femti personar frå trussamfunnet i fengsel på grunn av trua si. Andre land dei nemner er Eritrea, Singapore og Sør-Korea.

Fabian Fond seier dei prøvar å hjelpe sine russiske trusfellar i Russland gjennom å gjera fleire merksame på det som skjer. Han seier dei også har sendt ei rekkje klager mot Russland til Den europeiske menneskerettsdomstolen, men at ingen av dei er behandla endå.

---

Jehovas vitne

  • Jehovas vitne er eit religiøst trussamfunn. Dei lærer at Bibelen er skriven av Gud (Jehova), ved hjelp av forfattarar som var under Guds leiing. Derfor forstår ein Bibelen som Guds ufeilbare og pålitelege ord og den einaste naudsynte rettleiaren i alle livets spørsmål.
  • Jehovas vitne blei etablert i USA i 1870-åra, den fyrste tida som ei bibelstudiegruppe. Etter kvart utvikla det seg til eit trussamfunn under leiing av Charles Taze Russell (1852-1916).
  • Ifølgje eigen statistikk var Jehovas vitne i 2020 verksame i 240 land og hadde 8.424.185 medlemmar (aktive forkynnarar) fordelt på 120.387 kyrkjelydar. Born og andre som ikkje er aktive forkynnarar kjem i tillegg.

Kjelde: Store norske leksikon og jw.org

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion