Religion

Vil ha gudsteneste på kveldstid

NYTENKING: – Vi må våge å ikkje vere så «kyrkjeår-fundamentalistiske», seier prest Per Anders Nordengen. Han og tre andre kyrkjetilsette meiner Den norske kyrkja ikkje oppnår potensialet sitt i dag og at det må forandring til. Her er forslaga deira.

– Oppnår Den norske kyrkja (DNK) potensialet i dag?

Prest Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg vil gjerne svare på spørsmålet. Men først må han presisere:

– I kyrkja jobbar det vanvittig mange flinke folk, som arbeider hardt og får til mykje bra. Men vi har eit enormt potensial for å få fleire til å oppleve ho som relevant, og som ein heim. Så det korte svaret er eigentleg nei.

Slutt å telje, start å lytte

I jobben i St. Jakob kirke i Bergen er Sønnesyn Berg privilegert, synest han, som får jobbe med innovasjon på fulltid. Presten går verken med dødsbodskap eller har dåp eller gravferd.

Derimot bruker han prestetenesta på å rette kyrkja inn mot ungdom og unge vaksne. Der vil han utfordre Den norske kyrkja (DNk).

– Vi har over 30.000 konfirmantar innom kvart år. Men måten vi møter dei på har mange plassar eit stort og uforløyst potensial, seier Sønnesyn Berg.

– I litt for stor grad er det merksemd på å skulle møte til og mange gudstenester og høgmesser, og lære seg det og det. Opplevinga mi av å jobbe med unge, er at dei ønsker fellesskap.

Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg er prest i St. Jakob kirke i Bergen som samler mange ungdom og unge voksne. Han er selv engasjert i debatten om bioteknologiloven, men tror den blir for teknisk og polarisert for mange. Her avbildet under kirkens plakatverksted i forbindelse med klimastreik.

Harry Potter – men ikkje sirkus

Skulle ein lukkast, og konfirmantane blir i kyrkja litt til, er det òg eit spørsmål om kva fellesskap DNK har å tilby dei i tidleg vaksenalder.

I St. Jakob har dei fleire. Eitt er gudstenester sundagar klokka 19.

– Der har vi fått lov til å jobbe med liturgien og det musikalske uttrykket, slik at fleire føler seg heime i kyrkja.

Kyrkja har spurt kva folk ønsker, og prøvd å svare deretter. Det funkar, ser dei.

– Mange ønsker eit kyrkjefellesskap. Men dei må faktisk ha tid til det, og kyrkja må tale inn i liva deira. Og når dei kjem på gudstenester skal dei ikkje bli framandgjort av uttrykket, seier Sønnesyn Berg.

Frå talarstolen vil presten snakke eit språk som gjer at evangeliet blir klart. I St. Jakob har dei Harry Potter- og Coldplay-gudstenester.

– Det funkar sjukt bra. Dei som kjem får høyre musikk dei høyrer til vanleg, så kan vi gå inn i tekstane og musikken og sjå kva dei fortel oss om Gud. Nokon trur vi meiner at vi må underhalde, bli litt sirkus, for å trekke folk til kyrkja. Det er ikkje målet. Målet er å snakke eit språk som folk forstår.

La dei logge av

– Oppnår DNK potensialet i dag?

Også kapellan Christine Andreassen i Ris menighet i Oslo blir utfordra med same utgangspunkt.

Det finst nye måtar å treffe endå fleire på enn i dag, trur ho.

– Mange kyrkjer har messer på kveldstid for unge, men kanskje berre eit par gonger i året. Det skulle vi kunne gjort meir av. Kva viss vi kunne erstatta eit par av høgmessene med kveldsmesser? Og sikta dei meir inn mot unge vaksne? spør Andreassen.

Christine J. Andreassen, datter til Jan Aage Torp.

I Ris er tilknytinga til lokalkyrkja viktig. Det må ein ha rom til å kunne utnytte – ut frå kva det enkelte lokalmiljøet har behov for.

– Mi erfaring er at mange unge treng ein fristad kor det faktisk er litt stille. Dei får så sinnssjukt mykje input frå verda, og er alltid pålogga. Gudstenester kan vere ein plass der dei loggar av.

Eit anna «scoreboard»

Andreassen ser at DNK i stor grad blir målt i tal: Kor mange som vert døypt, konfirmert og kjem på gudsteneste.

– Eg opplever at ein del av prioriteringane er tenkt ut frå det, seier presten.

I Ris skårar dei høgt. Enormt mange konfirmerer seg og døyper ungane i kyrkja. Ho forstår til ein viss grad at ein stor organisasjon må måle deretter.

– Eg elskar høgmessa sundag klokka elleve – men eg ser at eg ikkje når ungdommar der.

Kapellanen drøymer om å invitere til kveldsmesser «med noko meir».

Christine Josephine Andreassen vokste opp i et pinsekarismatisk menighetsmiljø, som mente at ekteskapet er den eneste riktige rammen for seksuelt samliv. – Jeg tror det er viktig å ikke betegne sex før ekteskapet som synd, sier hun.

– Å møtast til middag eller kveldsmat er med på å bygge ein type fellesskap som i seg sjølv får folk til å komme. Eg trur unge først ser verdien av kyrkja når dei ser eit fellesskap dei trivst i, som er prestasjonsfritt.

– Her fortel ungdommar at dei elskar å vere her fordi det er trygt, godt og gøy. Dei vil ha fleire dagar med open kyrkje, dei vil vere her meir.

– Kva endringar trengst i DNK?

– Mindre tid på kontoret og meir tid ute blant folk, konkluderer Andreassen.

Nye ord når nye menneske

– Oppnår DNK potensialet i dag?

Prest Per Anders Nordengen reknar seg som ein senior i kyrkja. Etter mange år ute av teneste, er han tilbake som sokneprestvikar i Hauketo-Prinsdal i Oslo.

– Nei, må vi alltid seie til det, svarar han på spørsmålet.

– Bodskapen om håp og livsmot er meir relevant enn nokon gong. Så må vi heile tida streve med korleis vi når ut med den bodskapen, seier Nordengen.

Her om dagen blei han spurt av ein konfirmant: Er det å vere prest ein heiltidsjobb? I det spørsmålet ligg det noko kritisk og viktig, ser Nordengen.

– Vi har babysong og kor, og vi er ei kyrkje som bringer bodskapen også i kvardagen. Spørsmålet seier kanskje at vi ikkje har marknadsført godt nok kva vi driv med.

Prest Per ­Anders Nordengen ­mener kirken bør ta initiativ til å fjerne noen av de kristne helligdagene som folk flest ikke har et forhold til.

Gamle ord, ny formidling

Når Nordengen tenker på dei tusenvis som kjem innom DNK i ulike samanhengar, ser han eit enormt potensial. Desse menneska må ein i større grad forsøke å nå, meiner han.

– Eg som prest må jobbe vel så mykje med ein vigsel som med ei gudsteneste. Der kan eg nå 200 feststemte og lyttande menneske med bodskapen vår.

– Korleis skal kyrkja få til å nå desse «nye» betre?

– Då må vi klare å blande dei gamle orda som kyrkja har brukt i alle år, med nye måtar å formidle på. Vi må klare å gjere dei gamle orda relevante også i dag.

Men i det ligg ei utfordring han er usikker på om kyrkja tar no.

Liturgi som stenger ute

Nordengen har ein slags brannfakkel: Kyrkjas liturgi kan virke ekskluderande.

– Vi må våge å ikkje vere så «kyrkjeår-fundamentalistiske» – at vi må ha den teksten på den sundagen.

– I adventstida snakkar vi om Johannes og tilbakekomst, mens det folk er opptatt av er gåver og samhald. Skal vi vere så fundamentalistiske at vi formidlar noko anna enn det folk bryr seg om?

Svaret seier kanskje seg sjølv.

per anders nordengen

– Vi bør ikkje bruke folks besøk i kyrkja på noko irrelevant, seier presten.

– Korleis hindrar ein det?

– Denne samtalen må ikkje vere ferdig. Vi hadde ei gudstenestereform, som eg føler meg litt bunden til å vere lojal overfor. Men det er ikkje sikkert alle kyrkjer skal lese alle dei tre tekstane kvar sundag – spesielt viss «andre» er til stades.

Opne opp og gå ut

Spørsmålet dei alle har fått, er krevjande å svare på, meiner integreringsdiakon Signe Myklebust i Drammen. Men ho har likevel ei ønskeliste for «idealkyrkja» i framtida. Særskilt er det to punkt som står ut.

– Vi må halde kyrkjene våre meir opne, slik som i Europa. Kyrkja må tilby stille og trygge rom, meiner ho.

Når kyrkja er open, må ho også tole at ikkje alt som kjem inn er frisert, seier Myklebust, og ser det heile i eit større bilde:

Kyrkja i framtida må i større grad ta ansvar for, og vise omsorg for, folk som fell utanfor.

Signe Myklebust, diakon i Fjell menighet i Drammen

Samtidig som ein opnar kyrkjedøra, må dei tilsette også kome seg ut av ho. Diakonen ser paradokset, men meiner at det å kome tettare på folk på grasrota er naudsynt for å fullbyrde oppdraget.

– Vi må møte opp og vere til stades i lokalsamfunna, på komitémøte og liknande. Vi må vise at vi høyrer til og kan reknast med, seier Myklebust.

Kjærleik på Middelhavet

Ho er rett nok diakon sjølv, men meiner diakonien må vere ein bærebjelke i Den norske kyrkja. Då Myklebust såg ei kyrkje i Tyskland kjøpe eit skip for å redde menneske i Middelhavet, tenkte diakonen at det er ei slik kyrkje ho vil ha.

– Ein så stor organisasjon som oss kan ta slike grep. Det vil vise kven vi er, og kva vi vil at samfunnet skal vere.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion