Religion

Tobias (25) skulle vera prestevikar i Kongsberg i haustferien. Det blei annleis enn han såg for seg

DEN NORSKE KYRKJA: Tobias Lien ville nytte haustveka utan forelesingar til å jobbe som prestevikar i Kongsberg. Det blei eit spesielt møte med ein heimby i sorg.

– Det har vore veldig spesielt, og ganske tungt, seier 25 år gamle Tobias Lien om veka han har vore gjennom.

Lien studerer teologi ved VID i Stavanger, og har att nesten tre år før han er ferdig utdanna prest. I sommar var fyrste gong han jobba som prestevikar, også då i byen han er vaksen opp i, Kongsberg.

Når han blir spurt om korleis tida etter dei grufulle hendingane i heimbyen har vore, synest han det er vanskeleg å setje ord på det.

– Eg har nok ikkje landa heilt endå. Det som har skjedd er så fælt for så mange her i byen, og som Kongsberg-gut sjølv kjenner eg nok litt ekstra på det, seier Lien.

Han legg likevel vekt på at det har vore lærerikt å bli kasta inn i ein krisesituasjon, og at krisehandtering til både kyrkjestaben og velferdsstaten har imponert han.

– Ekstremt krevjande situasjon

Å hamne i ein slik situasjon som prest, er svært vanskeleg. Det seier Terese Bue Kessel, førsteamanuensis og studieleiar ved Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag ved VID.

– Sjølv om me har krisehandtering som ein del av utdanninga, så er det noko heilt anna å bli kasta ut i det, seier Kessel.

Ho er tydeleg på at ho ikkje kommenterer opplevinga til Lien direkte, men fortel at fleire unge prestar har opplevd å bli kasta ut i dramatiske hendingar i sommarvikarteneste eller praksis.

– Det er klart at det er ein ekstremt krevjande situasjon. Då er det viktig at dei har gode rettleiarar blant kollegaene, og kontakt med oss som er lærarar. Det viktige i ein slik situasjon er at ein har nokon å debriefe og reflektere med, seier Kessel.

Tobias Lien (25) skulle vera prestevikar i Kongsberg i haustferien. Det var veka fem menneske blei drepne og tre skadde i Kongsberg.

Kontakta av medstudentar

Tobias Lie sjølv rosar kollegiet i Kongsberg. I tillegg fortel han at både medstudentar og personale ved VID, har tatt kontakt for å høyra korleis det går med han.

– Eg har blitt hugsa i forbøn, og eg set stor pris på at folk har tenkt på meg. Men det er alltid byen og dei pårørande eg har ynskt å peike mot, seier Lien, som er tydeleg på at han fyrst og fremst tenkjer på dei pårørande til offera.

Det var eigentleg Lien som skulle preike på gudstenesta i Kongsberg denne sundagen. I staden enda den unge prestestudenten opp med å bidra med tilrettelegging under den store sørgjegudstenesta med både biskop, justisminister og kronprinspar til stade. Men ikkje mange timane etter var det vidare til Jondalen kirke for å halde gudsteneste saman med kateketen.

Prestevikaren seier det er fint å sjå at kyrkja betyr noko for menneske i sorg og i kriser.

– Eg trur mange synest det er godt å ha kyrkjerommet tilgjengeleg, og å vita at det er menneske som du kan snakke med om alt der.

Ikkje skremt

Sjølv om det har vore tøffe tak er ikkje teologistudenten skremt vekk frå framtidig presteteneste.

– Eg synest det er veldig fint å kunne tene Gud i kyrkja også i sorgtunge stunder. Ein får vera der i nokon av dei lukkelegaste og nokon av dei tyngste tidene i menneske sine liv som prest. Det er fint å kunne jobbe med noko som er så viktig, meiner Lien.

Terese Bue Kessel, førsteamanuensis og studieleder ved Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag ved VID i Stavanger.

Førsteamanuensis Kessel ved VID, seier at alt levd liv er læring som prest, men at det er viktig å bearbeide slike hendingar.

– Ein må reflektere over det saman med erfarne prestar, på grunn av alle dei sterke forteljingane ein blir kasta inn i. Men det er klart at slike hendingar er veldig lærerike, og det er læring ein ikkje får gjennom berre teori, slår ho fast.

– Det lærerike i det er når ein kjem opp i ein tilsvarande krisesituasjon seinare. Då har ein ei referanseramme som gjer at ein er tryggare, seier Kessel vidare.

For Lien sjølv, som har studert teologi i litt over tre år, har læringa ved VID hjelpt han i møtet med Kongsberg-tragedien.

– Eg har dratt nytte av ulike ting me har lært, samstundes som det blir veldig tydeleg at det ikkje berre er teoretisk kunnskap som er viktig, men å vera der som eit medmenneske. Ein kan kjenne at ein ikkje strekkjer heilt til, men ein er trass i alt i teneste for Gud som eit menneske, med alt det inneber.

---

Kongsberg-drapa

  • Fem personar blei drepne og tre skada onsdag 13. oktober då ein mann med pil og boge og stikkvåpen angreip folk i Kongsberg sentrum.
  • Alle framstår som tilfeldige offer, ifylgje politiet.
  • Kort tid etter blei 37 år gamle Espen Andersen Bråthen arrestert.
  • Bråthen blei to dagar etter hendinga varetektsfengsla for fire veker.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion