Religion

Samlar konservative krefter før kyrkjevalet – Frimodig kirke og Bønnelista opnar for samarbeid

DEMOKRATI: Om to år står Den norske kyrkja (DNK)s valde representantar på val. Dersom kyrkjepolitiske lister har kome for å bli, utelukkar ikkje dei to uttalt konservative gruppene å jobbe i lag.

Frimodig kirke seier dei vil fasthalde ei klassisk tru i Den norske kyrkja.

Bønnelista seier dei vil fornye Den norske kyrkja ved bønn og arbeid basert på Bibelens ord.

Til kyrkjevalet i 2023, kor ein vel representantar til sokneråd og bispedømmeråd, stiller dei to nettverka med kvar sine lister med personar å stemme på.

Det er Norge IDAG som bringer nyheita om at dei to grupperingane moglegvis opnar for å samarbeide.

I november skal Kyrkjemøtet, kyrkjas øvste organ med 116 stemmeberettiga, ta stilling til om ordninga med kyrkjepolitiske lister skal halde fram. Nettverket Frimodig kirke håpar eigentleg at dei kan legge seg sjølv ned som liste, og at valordninga blir endra.

Forskjellar i «utspel og opptreden»

Leiar Elgvin Lied fortel at han trur Frimodig kirke kan vere eit breiare alternativ enn Bønnelista. Han ser føre seg at vanlege kyrkjegjengarar som ser etter eit bibelfundert alternativ vil finne seg til rette hos dei.

– Elles har forskjellane litt med kultur og form i ulike utspel og opptreden i Kyrkjemøtet, som ikkje alle føler dei identifiserer seg med, fortel Elgvin Lied.

---

Kyrkjevalet i DNK

  • Kyrkjevalet er i realiteten to val: Val til dei 1235 sokneråda og val til dei 11 bispedømmeråda. Sistnemnde utgjer Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja.
  • I bispedømmene var det i 2019 fleire lister å velje blant. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedømme, og Bønnelista i ni av elleve bispedømme.
  • Den norske kyrkja får omtrent 80 millionar kroner frå staten til å arrangere kyrkjeval kvart fjerde år.

---

Dei to listene har likevel ikkje så ulike utgangspunkt, held han fram, og trur det godt kan hende at dei søker samarbeid.

– Vi står saman om dei vesentlege tinga.

Lekfolks liste

Også Bønnelistas Jo Hedberg ser føre seg å søke saman med Frimodig kirke. Til Norge IDAG fortel han at det truleg er fleire likskapar enn forskjellar på dei to kyrkjelistene.

Han antar at det er fleire kyrkjetilsette i Frimodig kirke, medan Bønnelista har fleire lekfolk.

– Eg trur det er meir tradisjonell kyrkjetenking der.



Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion