Samlar konservative krefter før kyrkjevalet – Frimodig kirke og Bønnelista opnar for samarbeid
DEMOKRATI: Om to år står Den norske kyrkja (DNK)s valde representantar på val. Dersom kyrkjepolitiske lister har kome for å bli, utelukkar ikkje dei to uttalt konservative gruppene å jobbe i lag.
PÅ GLØTT: Jo Hedberg frå Bønnelista og Sverre Elgvin Lied frå Frimodig kirke ser at dei to kyrkjelistene har mange verdiar til felles. Dei utelukkar ikkje å stå saman i Kyrkjemøtet om enkelte saker.
Tuva Skare / Privat
Frimodig kirke seier dei vil fasthalde ei klassisk tru i Den norske kyrkja.
Bønnelista seier dei vil fornye Den norske kyrkja ved bønn og arbeid basert på Bibelens ord.
Til kyrkjevalet i 2023, kor ein vel representantar til sokneråd og bispedømmeråd, stiller dei to nettverka med kvar sine lister med personar å stemme på.