Religion

Muhammed-tegnar Lars Vilks døyde i ulukke, på Twitter godtar motstandarar seg

ULUKKE: Under emneknaggen #LarsVilksToHell feirar ei mengd Twitter-brukarar den svenske kunstnaren, mest kjent for å ha teikna Muhammed som ein hund, sin bortgang.

Den svenske Muhammed-tegnaren Lars Vilks og to livvakter døydde då den sivile politibilen dei sat i kolliderte med ein lastebil i Sverige på sundag.

Alt tyder på at det var ei ulukke, seier svensk politi til NRK. Dei to livvaktene var spesialutdanna politimenn som hadde jobba med å beskytte Vilks i mange år.

Vilks er nemleg mest kjent for å ha teikna muslimane sin profet, Muhammed, som ein hund i 2017. Etter dette blei kunstnaren truga på livet, og fekk politibeskyttelse.

Under emneknaggen #LarsVilksToHell legg ei mengde Twitter-kontoar no ut meldingar om at han fekk som fortent, at dei feirar dødsfallet og at andre som ikkje har vist Muhammed respekt, er neste på lista.

– Kosar seg med at ein mann er død

Andre gremmar seg over trenden. Pressesjef i Framstegspartiet, Espen Teigen, er blant sistnemnde. I eit innlegg skriv han: «Fy faen så trist. På #LarsVilksToHell kosar dei seg med at ein mann er død. I norske kommentarfelt er det heilt likt».

Han har lagt ved skjermdumpar med døme på korleis folk har reagert på nyheita med latteremojiar på Facebook, og med Twitter-innlegg der det står at Vilks høyrer heime i helvete, og der han blir omtalt som «hund».

«Politiet kan ikkje beskytte han frå Gud», «ein dag for feiring» og «helvetesild er for etterlivet, men nokre utvalde får ein smak i dette livet. Håpar Lars Vilks nøyt det», er blant meldingane ein finn.


Rett til å kritisere

Andre tek til motmæle:

«Kvil i fred Lars Vilks. Han risikerte livet for berre å bruke grunnleggjande rettar til å underhalde og kritisere.»


«Vel, no er det mellom han og Gud, ingen grunn til å skyte verbale bomber etter han», skriv ein annan brukar.

Trugselnivå i særklasse

I 2015 sa journalist og forfattar Lars Akerhaug til Vårt Land at Vilks stod i ei særklasse når det kom til trugselnivå. Mellom anna publiserte al-Qaida Jemen ein gong ei liste over personar dei ynskte å ramme: Der sto både Vilks og Charlie Hebdo-redaktøren.

– Vilks har høgast prioritet for al-Qaida. Me har ingen slik person i Noreg. Det nærmaste må vel vera Vebjørn Selbekk, men det er likevel ikkje samanliknbart, sa Akerhaug den gongen.

– Sveriges modigaste mann

På Twitter har Selbekk, sjefredaktør i Dagen, lagt ut eit bilete av seg sjølv saman med Lars Vilks under feiringa av 70-årsdagen til den svenske kunstnaren. Han skriv at feiringa var under tung politibeskyttelse, og at det er «tungt å tenkje på at denne modige og særprega kunstnaren no er borte». I eit anna innlegg kallar han Vilks «Sveriges modigaste mann».

NRK skriv at leiar for livvaktgruppa som hadde ansvaret for tryggleiken til Vilks, Stefan Sintéus, seier at dei vil jobbe for å utelukke at det var ytre påverknad som førte til ulukka.

– Det finst ingenting som tyder på at det skulle vera tilfelle, men me vil likevel kunne stenge den døra i etterforskinga, seier Sintéus.

Etterforskinga vil halde fram i lang tid framover, og dei ynskjer mellom anna å utelukke at det har vore ein eksplosjon eller om det trass i dei punkteringsfrie dekka til bilen kan ha skjedd ein dekkeksplosjon eller liknande.

– Vi vil absolutt utelukke at det var ei ytre påverknad som førte til ulykka, seier Stefan Sintéus, leder for livvaktgruppa som hadde ansvaret for tryggleiken til Lars Vilks.

Svensk politi har stadfesta at bilen Vilks sat i skal ha kome over på feil side av midtdelaren som skil køyreretningane på motorvegen frå kvarandre. Bilen skal deretter ha kollidert med ein lastebil, og ha sett seg fast under denne, før bilen tok fyr.

– Trist og usmakeleg

Linda Noor, leiar i den minoritetspolitiske tankesmia Minotenk, har sjølv ikkje sett stygge reaksjonar på Vilks død.

– Eg har sett at andre har kommentert at det har vore mykje stygt. Sjølv har eg ikkje sett nokon reaksjonar på det, i dei muslimske gruppene eg er med i.

– Kor omstridd var Vilks?

– Han var openbert omstridd sidan han var i fare. Hatet mot han kom i hovudsak frå ekstreme grupperingar. Av dei blei han sett på som eit viktig symbolsk mål, på grunn av karikaturteikningane.

Ho trur at muslimar flest synest reaksjonane er triste og usmakelege.

– Men i ytterleggåande miljø kan eg sjå at det kan bli tolka som at han får som fortent.

– Kva synest du om det?

– Eg synest det er ein stygg type tenkning. Det er veldig trist når eit menneske dør på ein slik tragisk måte. Det er leit at han måtte leve med eit så stort tryggleiksoppbod som han måtte.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion