Religion

Reagerer på klimautspel frå DNK: – Er det plass til meg som høgremann i kyrkja?

KLIMA OG MILJØ: Stortingsrepresentant (H) Sveinung Stensland reagerer på oppmodinga frå Mellomkyrkjeleg råd til regjeringa om å snarast mogeleg avslutte leitinga etter olje. – Kjenner meg ikkje lenger heime i kyrkja, seier Stensland.

– Dei støyter frå seg politisk aktive som ikkje meiner det same som det Mellomkyrkjeleg råd gjer til ei kvar tid, seier stortingsrepresentant for Høgre, Sveinung Stensland.

Han har over tid reagert på det han kallar politiske utspel frå Den norske kyrkja (DNK). Denne gongen er det snakk om ei oppmoding til regjeringa frå komiteen for internasjonale spørsmål i Mellomkyrkjeleg råd. Rådet blir ofte skildra som utanriksdepartementet til DNK, og har ansvar for kontakten med utanlandske kyrkjer og organisasjonar.

I oppmodinga skriv dei mellom anna at dei forventar «eit taktskifte i arbeidet for utsleppskutt», og at dei ynskjer «avslutting av leiteverksemda etter olje snarast mogeleg».

– Eg ser ikkje det teologiske grunnlaget for dette, og forstår det som at kyrkja ynskjer å vera ein politisk aktør, og dermed ikkje ynskjer oss med andre meiningar hjå seg, seier Stensland.

Han er einig i at ein må kutte utslepp og redusere bruken av olje og gas, men at ein med å avslutte norsk oljeverksemd vil skade saka meir enn det gagnar ho.

– Då endar ein i staden opp med gas og olje frå land der produksjonen er mindre klimavenleg enn i Noreg, meiner høgrepolitikaren.

– Lite kontroversielt

Berit Hagen Agøy

Internasjonal direktør i Mellomkyrkjeleg råd, Berit Hagen Agøy, meiner oppmodinga deira til regjeringa er lite kontroversiell.

– At klima og ansvaret for skaparverket høyrer heime i diakonien er noko av det kyrkjer verda over er mest einige i. Me som kyrkje har eit ansvar for å vera med på å avverje klimakatastrofen me står overfor, seier Agøy.

Ho meiner oppmodinga til regjeringa er generell, og ikkje inneheld konkrete, politiske krav.

– Men både Ap og Høgre seier dei vil utvikle og omstille, heller enn å avvikle oljenæringa. Er det ikkje då å ta stilling politisk og seie at ein ynskjer avvikling snarast mogeleg?

– Å seie at me må slutte å vinne ut olje er såpass overordna at det ikkje kan reknast som ei konkret, politisk løysing. Dei fleste er einige om dette, det ein er ueinig om er takta i det grøne skiftet, og me seier at takta burde auke, noko som er heilt i tråd med meldinga i klimarapporten til FN.

Agøy seier dei ikkje har sett nokon sluttdato, men at dei oppmodar til å slutte å leite etter ny olje så snart det er ansvarleg, og at ein bør jobbe for at det er så raskt som mogeleg.

Etterlyser anna fokus

Stortingspolitikar Stensland meiner Den norske kyrkja har «meir enn nok» av andre spørsmål å ta tak i, og etterlyser meir fokus på det han kallar dei store spørsmåla.

– Vår Herre la olje i Nordsjøen og i Saudi-Arabia. Eg kan ikkje sjå noko i kristendomen som støttar at Noreg skal slutte å leite etter olje.

Det er ikkje direktøren i Mellomkyrkjeleg råd einig i.

– Å ta vare på skaparverket er noko av det fyrste Gud bad oss om. Nestekjærleiken handlar òg om å ta vare på sjølve livsgrunnlaget, så klima- og miljøengasjement høyrer til kjernen i det kristne oppdraget, seier Agøy.

– Er det plass til høgremenn?

Stensland seier han at han dei siste åra har engasjert seg lite i kyrkja, men at han med jamne mellomrom kjenner ei dragning mot å bidra meir i sin lokale kyrkjelyd.

– Men kvar gong dukkar det opp utspel som gjer at eg tenkjer at eg som høgremann ikkje passar inn. Eg har eit direkte spørsmål: Kan eg som politikar frå Rogaland Høgre som meiner at ein skal utvikle oljenæringa inn i ei ny tid, heller enn å brått avvikle, vera medlem i Den norske kyrkja? No når ein så tydeleg meiner noko anna frå sentralt?

Hagen Agøy er ikkje i tvil.

– Sjølvsagt. Kyrkja er ikkje eit fellesskap for dei som er einige i korleis konkret oljepolitikk skal utformast.

Ho oppmodar Stensland til å engasjere seg i sin lokale kyrkjelyd, og seier Den norske kyrkja har bruk for alle medlemmar.

Stensland har alt meldt seg ut av Den norske kyrkja ein gong, men meldte seg inn att. Foreløpig beheld han medlemsskapet sitt i folkekyrkja.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion