Religion

Svensk prest nektar å vie heterofile

HOMOFILI: Presten Lars Gårdfeldt tek i bruk nye metodar for å protestere mot retten svenske prestar har til å nekte å vie likekjønna par.

– Eg har overteke så mange homobryllaup frå heterofile kollegaar som har sagt nei til menneske som elskar kvarandre og møtt dei på ein nedlatande måte. Og då tenkjer eg at viss heterofile prestar får velje vekk homobryllaup, då må eg som homofil prest ha rett til å velje vekk heterobryllup.

Det seier den svenske presten Lars Gårdfeldt, til SVT. Dette er hans protest mot retten nye prestar har til å nekte å vie homofile par, ein rett som har blitt diskutert i forkant av kyrkjevalet i Sverige.

– Prestane sin rett til å reservere seg mot å vie eit par utan å oppgje ein grunn har også vore eit viktig spørsmål i valkampen. Fleire av nomineringsgruppe går nemleg til val på at alle nye prestar blir tvungne til å gifte alle par, har Frida Park, opinionsredaktør i den svenske avisa Dagen, sagt til Vårt Land.

Det var Nettavisen som fyrst omtalte saka i Noreg.

Vil fjerne samvitsklausul

Socialdemokraterna, som fekk flest stemmer i årets kyrkjeval, ynskjer i sitt partiprogram å fjerne den såkalla «samvitsklausulen» som gjev prestane fridom til å velje å ikkje vie likekjønna par.

Gårdfeldt, som er prest i Carl Johans kyrkjelyd i Göteborg, har fått både ros og ris for sitt val om å nekte å vie heterofile par.

– Veldig mange har vore glade for det, fordi dei ynskjer å få fram at det handlar om ei pågåande diskriminering i kyrkja.

Han er seier han er særleg glad for at så mange heterofile har vist ein «utruleg solidaritet», og at mange heterofile prestekollegaar har tatt kontakt.

– Men eg har også blitt kontakta av menneske som har sagt hatefulle ting, seier presten.

Avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk, Jan Christian Kielland

Kva med Noreg?

Vårt Land har spurt om det er det høve i Den norske kyrkja til å nekte å vie heterofile par.

Avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk, Jan Christian Kielland, skriv i ein e-post at dei ikkje er kjente med aktuelle dømet frå Sverige, og at dei ikkje har kjennskap til at noko liknande har skjedd i Noreg.

«Det er ikkje heimel i ekteskapslova for at ein prest kan nekte vigsel av heterofile par på generelt grunnlag. I Den norske kyrkja får alle par uavhengig av kjønn og legning tilbod om å gifte seg i kyrkja. Dette har vore praksis sidan 2017 då kyrkjemøtet vedtok to likestilte vigselsliturgiar.»


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion