Religion

Finsk kristenpolitikar må møte i retten for homoutspel neste år

FINLAND: I juli blei den finske riksdagsmedlemmen Päivi Räsänen tiltala for hatefulle ytringar mot homofile. No er det bestemt at ho må møte i retten 24. januar neste år.

– Eg nektar skuld på alle tiltalepunkt. Dei uttalene eg er sikta for, er alle knytt til Bibelen si lære om ekteskapet mellom mann og kvinne, og særleg til Paulus si lære om at homofili er synd og skam, skriv Räsänen i eit innlegg på Facebook.

Ho skriv også at rettssaka no er tillyst til 24. januar 2022. Strafferamma for det ho er tiltalt for er to år i fengsel.

Raamattukäräjät tammikuussa. Helsingin käräjäoikeudesta ilmoitettiin, että valtakunnansyyttäjän minua vastaan nostamien...

Posted by Päivi Räsänen on Wednesday, September 15, 2021

Twitra Paulus

Det er tre punkt i tiltala mot den profilerte riksdagsmedlemmen frå finske Kristdemokraterna. Det mest omtalte av desse punkta er ei melding på Twitter det ho legg ved eit bilete av ein passasje i Romarbrevet.

I meldinga skreiv ho:

«Kyrkja har kunngjort an den er offisiell partnar med Pride 2019. Korleis passar det med kyrkja og bibelen si lære, når skam og synd blir løfta fram som stoltheit?»

I det avfotograferte bibelverset kan ein blant anna lese:

«Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.» (Rom 1:27)

---

Dette er Räsänen tiltalt for:

  • Påstandar om homofili publisert i samlivsheftet Til mann og kvinne skapte Han dei frå 2004. Räsänen skriv blant anna at homofili er ei «psykoseksuell utviklingsforstyrring».
  • Uttaler i innslaget Hva tenkte Jesus om homofile? på radiokanalen Yle Puhe. I samtale med programleiar Ruben Stiller skal Räsänen ha sagt at «dersom homofili er genetisk, er det ein genetisk degenerasjon og ein arveleg sjukdom».
  • Ein post på Twitter, Facebook og Instagram der ho kallar homofili for «skam og synd».

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion