Religion

Hans Olav Westen (68) reddar Den norske kyrkja

BEMANNING: Stadig fleire pensjonerte prestar fyller tomme stillingar i DNK. – Ikkje noko vi kan lene oss på, seier Kyrkjerådet.

— Nei, er det du som er her! utbryt ein overraska lydteknikar i kyrkjerommet til Riska kirke i Sandnes.

Presten han kjenner igjen, Hans Olav Westen, er kledd i svart skjorte og snipp. 68-åringen kjem rett frå ei gravferd.

Eigentleg gjekk Westen av med pensjon for tre år sidan, og i år er det 40 år sidan han blei ordinert. Likevel held han fram i tenesta. Det både ei glede og noko nødvendig.

Seniorane blir fleire

Hadde det ikkje vore for Hans Olav Westen og andre pensjonistar, ville nesten 100 prestestillingar stått heilt tomme i Den norske kyrkja (DNK) i 2020.

Til saman dekte denne gjengen 76 årsverk i DNK i fjor, og fyller no rundt tre av fire tomme presteheimlar.

Det er ein auke på seks prosent frå året før, ifølge årsrapporten til Kyrkjerådet.

Hans Olav Westen, pensjonert prest, vikar i Riska kirke i Sandnes

Fram til nyttår skal Westen tene Sandnes-bygda Hommersåk med gudstenester, gravferder, dåpar og vigslar i ei halv stilling.

— Eg trong ein time eller to til å tenke meg om. Men dette hadde eg lyst til, seier presten som er tilbake i forsamlinga han tente i over tolv år.

— Eg hadde nok ikkje sagt ja til ei forpliktande stilling nokon andre plassar enn her, seier Westen.

For 68-åringen er det «toppen» å få halde gudstenester for den levande kyrkjelyden, som samlar både småbarn og gamle, har mange frivillige, stor aktivitet og ein dyktig stab.

Hans Olav Westen, pensjonert prest, vikar i Riska kirke i Sandnes

Finst eit balansepunkt

For alle landets bispedømme er denne typen vikarar uunnverlege, slår DNKs årsrapport fast.

Sør-Hålogaland hadde 116 vikaravtalar for kortare og lengre periodar i fjor. Desse har mykje å seie for at prestekabalen går opp.

— Med kompetansen og tryggleiken sin, glir dei rett inn i forskjellige settingar og situasjonar. Dei er allereie fullverdige prestar som kan gjere alle prestens oppgåver, seier Trine Nordvik Løkås, rådgivar for HR og HMS i bispedømmet.

Ho legg til at dei erfarne prestane òg er kjende med kulturen i området og kyrkja som organisasjon.

— Det optimale for oss er sjølvsagt å ha faste tilsette. Men der det er behov for vikarar, er det fint når vi finn ein god balanse mellom dei unge og nyutdanna, og pensjonistane med si lange erfaring, til glede for begge partar, seier Nordvik Løkås.

Krevjande situasjon

Kyrkjerådet erkjenner at bemanningssituasjonen i DNK ikkje er optimal.

— Vi har fortsett store utfordringar. Samtidig skal det seiast at vi ser ei positiv utvikling — ein nedgang i vakante stillingar, seier Jan Christian Kielland, avdelingsleiar for kyrkjefag og økumenikk.

Jan Christian Kielland

Pilene peiker oppover av fleire grunnar: Fleire blir prestar som «andrekarriere», fleire får jobbe som prest mot slutten av studiet og no betrar også søkartala til kyrkjeleg utdanning seg.

— Men det er jo krevjande for kyrkja at nærmare 100 stillingar står vakante. Det er det viktigaste talet, seier Kielland.

— Sørger for folkekyrkje

Avdelingsleiaren understrekar likevel kor positivt det er for DNK at seniorane bidreg: «Dei er heilt avgjerande».

— Som arbeidsgivar må vi likevel vere obs på dette, og bli mindre avhengige av at så mange pensjonistar vil jobbe i mange år etter avgang. Det er positivt, men ikkje noko vi kan lene oss på, seier Kielland.

— Kva rolle speler pensjonistane for DNK?

— Langt på veg sørger dei for at vi kan vere folkekyrkje alle plassar. Det er fantastisk viktig, og noko vi skal vere veldig takksame for.

Hans Olav Westen, pensjonert prest, vikar i Riska kirke i Sandnes

For Hans Olav Westen det ei todelt oppleving å vere i presteteneste som 68-åring.

— På eine sida synest eg det er flott å bidra. Det er kjekt å forkynne, og ei drivkraft å få vere med på å utbreie evangeliet. At me trengst for å få kabalen til å gå opp, er vinn-vinn.

På den andre sida synest han det er leitt at kyrkja ikkje får påfyll nok av unge folk.

— Vi som utdanna oss på 70-80-talet var store kull, men begynner å gå av, som lét etter seg store tomrom. Eg håpar verkeleg at folk får lyst til å begynne å jobbe som kateketar og diakonar og prestar.

— Eg skulle eigentleg ønske vi blei overflødige, og heller kunne tatt ein gjesteframferd innimellom, seier Westen.

Hans Olav Westen, pensjonert prest, vikar i Riska kirke i Sandnes

Avhengig av dei ivrige

Når Vårt Land mailar eit par bispedømme, kjem svara raskt. Fleire har lyst til å rose den viktige jobben pensjonistprestane gjer.

Lars Skagestad, personalrådgivaren i Møre, er blant dei takksame.

— Dei bidrar med erfaring og kompetanse, og stor glede og iver i tenesta, både i kyrkjelyden og i kollegiet. Vi er avhengige av dei for å halde oppe behovet og ønsket om gudstenester og kyrkjelege handlingar — både i by og land.

— Og vi fortsett kan me trenge nokre til, legg Skagestad til.

Også stiftsdirektøren i Nord-Hålogaland samstemmer:

— Utan pensjonistvikarane ville vi hatt store utfordringar med å dekke opp behovet for presteteneste. Vi er takksame for at så mange er villige til å bruke pensjonisttida si i vårt bispedømme, seier Anne Skoglund.

«Ja»-mann

— Viss de pensjonistar ikkje hadde vore så nødvendige for DNK, ville du tenkt annleis om pensjonisttilværet?

— Eg må seie at eg synest det var herleg å bli pensjonist, seier Riska-prest Hans Olav Westen og ler.

— Eg har ingen problem med å få dagane til å gå, så det hadde ikkje vore eit stort offer om eg ikkje hadde blitt spurt så ofte som eg gjorde, seier han.

«Det gode med å bli pensjonist er at du kan seie nei når det ikkje passar» er ei setning han har omtalt det nye tilværet med.

— Men eg har sagt mest ja, seier 68-åringen.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion