Religion

Fleire omkomne ved teologisk seminar i Addis Abeba

FLAUM: Ein kraftig, lokal nedbør har ført til flaum på det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba. Ni personar skal ha drukna. – Tragisk, seier landdirektøren for Kirkens Nødhjelp.

– Dette er ein stor tragedie som har gått tungt inn på mange, fortel Eivind Aalborg, landdirektør i Etiopia for Kirkens Nødhjelp.

Det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba, vart tysdag ettermiddag råka av eit kraftig nedbør, og på kort tid vart området dekt av store vassmengder.

Mekane Yesu er ei kyrkje med sterke band til fleire norske organisasjonar som Det Norske Misjonsselskap (NMS), Misjonssambandet og Kirkens Nødhjelp, og mange nordmenn har opp gjennom tidene jobba på seminaret til kyrkja i hovudstaden.

Ifylgje Al Jazeera er fleire nabolag råka.

Finn framleis fleire

På facebooksida til seminaret skriv dei tysdag kveld, at dei ser med sjokk og sorg på den plutselege flaumen som ramma området deira tidlegare på dagen. Dei tilsette sine bustadar er råka, og alle eigedelane deira er tekne av flaumen.

På onsdag kveld melder dei at det er stadfesta at åtte personar er omkomne.

Eivind Aalborg i Kirkens Nødhjelp bur i Addis Abeba og snakka med leiinga i Mekane Yesu torsdag morgon. Dei fortalde at éin til person er funnen i løpet av natta, og at talet på døde no er oppe i ni menneske. Blant desse er det både lærarar ved seminaret, studentar og familiane deira.

Flaum (flom) ved det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba, Etiopia.

På eit bilete på facebooksida til seminaret, er det lagt ut bilete av fem av dei omkomne. Tre av desse er born.

– Det er tragisk for alle familiane som er råka, og det er eit stort tap for Mekane Yesu-kyrkja. Dette er eit miljø der menneske har budd og arbeidd saman, og det går veldig tungt inn på folk, seier Aalborg, som fortel at åtte personar alt er gravlagde, då det etter lokal skikk skal skje innan eitt døgn.

Aalborg har ikkje sett lista over namna på dei omkomne, og veit difor ikkje om han kjente nokon av dei omkomne.

---

Mekane Yesu-kyrkja

  • Fullt namn: Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus (EECMY).
  • Rekna som den største lutherske kyrkja i verda med sine 8,3 millionar medlemmar (tal frå 2016).
  • Har samarbeidd med fleire norske organisasjonar.
  • Har sitt eige teologiske seminar med campus i hovudstaden Addis Abeba og i byen Bishoftu.

Kjelder: mekaneyesusseminary.org og Wikipedia

---

Mista alt dei eigde

Aalborg har vore på eigedomen mange gonger, og fortel at det går ei elv over den. Kombinasjonen av at elva gjekk over breiddene, kombinert med det veldige regnvêret og drenering som ikkje greidde å ta unna for vassmassane, skal samla sett ha ført til dei store konsekvensane.

I tillegg til dei tragiske tapa av menneskeliv, er det også omfattande materielle skadar.

Aalborg fortel at Kirkens Nødhjelp har eit omfattande samarbeid med Mekane Yesu-kyrkja, og at leiinga i kyrkja seier dei jobbar med ein nødhjelpsapell som dei vil sende ut til samarbeidspartnarar.

– Det er noko me vil sjå på, seier Aalborg.

Han har stor forståing for at mange vil trenge hjelp for å koma seg på føtene att.

– Det er både studentbustadar og lærarbustadar på området. Mange av desse blei heilt øydelagde og menneske har mista alt dei eigde. Også undervisningsbygg og bilar er blitt øydelagde.

Regnvêret skal ha vore veldig lokalt, og Aalborg som bur i ein annan del av den store hovudstaden, merka ikkje noko til det.

Mistenker klimaendringar

Det heile skal ha skjedd veldig raskt, og Aalborg trur klimaendringar har delar av skulda.

– Mange stadar i verda er det rapportert om kraftigare nedbør enn før, som til dømes flaumen i Tyskland i sommar, og dette er noko me også har sett fleire stadar i Etiopia. Dreneringa mange stadar er ikkje dimensjonert for desse enorme nedbørsmassane, og resultatet blir flaum.

Han seier FN har åtvara om at flaum og kraftig nedbør kjem til å bli eit aukande problem framover.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion