Religion

Rick Warren gjev seg etter over 40 år som pastor i Saddleback Church

USA: Den bestselgande forfattaren og pastoren Rick Warren har byrja leitinga etter ein arvtakar.

Det var i samband med gudstenesta sundag, at 67 år gamle Rick Warren kunngjorde at han snart gjev seg som hovudpastor i megakyrkja Saddleback Church.

Warren seier han vil halde fram som hovudpastor fram til ein har funne ein arvtakar, for deretter å ha ei meir tilbaketrekt rolle i forsamlinga.

Rick Warren grunnla Saddleback Church, som høyrer til Southern Baptist Convention, i 1980. Kyrkja har forsamlingar på 14 stadar i California, og kvar veke er om lag 30.000 menneske på gudsteneste i kyrkja, noko som gjer kyrkja til éi av dei største i USA.

Vil leite både i og utanfor kyrkja

I ein video publisert på nettsida til kyrkja, fortel Warren at dei ikkje har ein etterfylgjar i tankane, og at dei vil leite både innanfor og utanfor si eiga kyrkje.

I Noreg er kanskje Warren mest kjent som forfattar av den populære kristne boka Målrettet liv, som på verdsbasis har selt over 50 millionar eksemplar, ifylgje forleggaren.

Warren seier i videoen at han ved grunnlegginga av Saddleback lova å leie kyrkja i 40 år. Tidleg i 2020 feira kyrkja 40-årsjubileum, men på grunn av koronapandemien har det vore naturleg for pastoren og sitje ved roret i ei stund til. Men no har altså tida komen for å finne ein arvtakar, men Warren seier han vil halde fram i teneste for Gud.

— Dette er ikkje ein gong starten på slutten, det er starten på innleiinga, seier den profilert pastoren.

Kvinnelege pastorar

I mai fekk Saddleback Church mykje merksemd då dei ordinerte sine tre fyrste kvinnelege pastorar. Kyrkjesamfunnet Southern Baptist Convention, som Saddleback er tilknytt tillet berre mannlege pastorar. Kyrkja fekk mykje både ros og kritikk etter vegvalet.

— Eg trur mange baptistar i Noreg vil synast det er på tide at Saddleback Church opnar for kvinnelege pastorar, sa informasjonsleiar i det norske baptistsamfunn, Roger Dahl, til Vårt Land.










Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion