Religion

Kontroversiell nigeriansk megakyrkje-pastor er død

PREDIKANT: Den populære, men kontroversielle afrikanske pastoren T. B. Joshua er død, 57 år gammal.

Den populære, men kontroversielle nigerianske pastoren Temitope Balogun Joshua, meir kjent som T.B. Joshua, døyde 5. juni, ei veke før han fylte 58 år.

Det skriv kyrkja han grunnla i eit facebook-innlegg. Dei seier ikkje noko om dødsårsaka.

«Gud har tatt tenaren sin, profet TB Joshua heim, slik som det skal vera etter guddommeleg vilje. Hans siste augeblikk på jorda blei bruka i Gud si teneste. Dette er det han blei født for, levde for og døydde for», står det i innlegget, som seier han døydde etter han deltok i kveldsprogrammet på TV-kanalen til kyrkja.

Joshua grunnla megakyrkja The Synagogue Church of All Nations (SCOAN) i 1987. Meir enn 15.000 menneske deltek på sundagsgudstenestene i kyrkja i Lagos, Nigeria, skriv mediehuset Aljazeera, som meiner han var ein av dei mest populære predikantane i Afrika. Facebooksida til Joshua har 4,2 millionar fylgjarar.

Members of Synagogue Church Of All Nations, mourn following the death of the founder T.B. Joshua, outside the church in Lagos, Nigeria Sunday, June 6, 2021. Temitope Balogun Joshua, one of Africa’s most popular televangelists who was known as T.B. Joshua, has died. He was 57. (AP Photo)

Kontroversiell

Men den populære pastoren har også vore involvert i mange kontroversar. S

einast i april i år blei YouTube-kanalen til SCOAN deaktivert, slik at dei over to millionar fylgjarane ikkje lenger kunne sjå videoane som var publisert der. Dette var på grunn av gjentekne brot på YouTube sine retningslinjer om hatprat, opplyste YouTube til CNN.

Dette kom etter at pastoren mellom anna skal ha hevda å kunne kurere homofili på kanalen. I ein av videoane hans skal han ha slått ei kvinne gjentekne gonger, for å kaste ut ånda som gjorde henne lesbisk.

Joshua er også skulda for å love lækjedom, framgang og suksess, og med dette gjera seg rik på menneske som leita etter håp. Magasinet Forbes skreiv i 2011 at Joshua var god for mellom 10 og 15 millionar dollar, noko SCOAN nekta for at stemte.

I 2014 kollapsa eit bygg på kyrkja sin eigedom, og over hundre menneske, i hovudsak utlendingar frå Sør-Afrika, døydde. Medan styresmaktene sa grunnen var ein svak konstruksjon, heldt Joshua fast på at det var terrorisme som var årsaka til kollapsen.

Den populære, men kontroversielle nigerianske pastoren Temitope Balogun Joshua.

Blir minna på sosiale medium

Dødsfallet til pastoren har vekt stor merksemd, og facbookinnlegget som fyrst delte nyhendet har over 300.000 kommentarar. Og kjente og ukjente menneske delar sine kondolansar og minne på ulike plattformer.

Fleire stader i Nigeria er det òg sorg over Joshua. Utanfor kyrkja i Lagos, hadde ei rekke menneske samla seg i sorg, viser bilde tatt av Associated Press (AP).



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion