Religion

Skal Kyrkje-Noreg ta i bruk koronasertifikatet? Slik svarar leiarane

GJENOPNING: Ved å bevise vaksine eller gjennomgått koronasjukdom kan fleire få kome på arrangement. Blir det aktuelt i kyrkjelege samanhengar?

11. juni blir det klart til bruk innanlands: Det verifiserbare koronasertifikatet som kan scannast med ein QR-kode.

Beviset vil innehalde sikra dokumentasjon på vaksinasjon, negativt testresultat eller immunitet etter gjennomgått koronasjukdom, opplyser helse- og omsorgsminister Bent Høie på regjeringas nettsider.

– Det er viktig for meg å understreke at koronasertifikatet ikkje skal bli brukt til avgrensingar. Det skal bli brukt til å gi lettingar. For eksempel at ein kan delta på større arrangement enn det som er løyve til utan bruk av koronasertifikat, seier han.

Er det aktuelt for Den norske kyrkja å ta i bruk, spør Vårt Land.

– Det har me ikkje diskutert så voldsomt, fordi me ikkje ser på det som ei veldig relevant problemstilling. Dei rammene me ser at me får snart, er tilstrekkelege, fortel kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen.

Meteren er krevjande

Rammene ho viser til, er regjeringas «trinn 3» i gjenopningsplanen. Eit stykke uti juni er det planlagd å opne for 1.000 personar inne på tilviste plassar, og 400 personar utan fast plass. Regelen med éin meters avstand mellom gjester på arrangement blir verande.

– Då begrensar også kyrkjeromma seg sjølv. Med unntak av Nidarosdomen er det få norske kyrkjer som kan romme 1.000 med éin meter imellom. Du skal ha ei veldig stor kyrkje før det monnar veldig. Før meteren blir oppheva, blir det den som set grenser for kyrkjer, kor folk vanlegvis sit tett i benkene.

Blir koronasituasjonen annleis, og vaksinesertifikatet derfor aktuelt, tar Den norske kyrkja dei etiske diskusjonane om adgangskontroll då.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

Kunne gripe inn i religinonsfridommen

Kva med Norges kristne råd (NKR)?

– Ja, dette er noko me har tenkt på, fortel generalsekretær Erhard Hermansen, og held fram:

– Kyrkja vil aldri avvise nokon som kjem til gudsteneste og i denne samanhengen: anten dei har koronasertifikat eller ikkje. Det ville vore imot kyrkjas grunnleggande tanke om å vere open for alle, seier Hermansen.

Alle menneske skal ha høve til å delta i eit trusfellesskap, understreker han.

– Retten til å utøve trua si, er òg retten til å gjere det saman med andre. Det er ein konstitusjonelt verna rett. Derfor vil et eventuelt krav om koronasertifikat, som avgrensar høvet for at nokon kan delta, ikkje bli brukt i gudstenester. Eg trur òg det i liten grad elles vil bli brukt i andre kyrkjelege arrangement.

?

Erhardsen har tillit til at dei som møter opp har tenkt igjennom risikoen det medfører, og held seg heime om dei kjenner seg sjuke.

– Det betyr òg at me må forhalde oss til restriksjonane i tal som er med og utan faste tilviste plassar, og utan koronasertifikat, avsluttar generalsekretæren i NKR.

---

Arrangementsreglar i «trinn 3»

  • Når trinn tre i regjeringas gjenopningsplan (sannsynlegvis) trer i kraft mot slutten av juni, følger det lettingar i reglane for arrangement. Dette ligg det an til:
  • Oppmoding om å arrangere utandørs heller enn innandørs.
  • Innandørs blir det lov med inntil 400 personar (200 x 2 kohortar) utan faste tilviste sitteplassa. Det blir lov med 1000 personar (500 x 2) viss alle i publikum sit på faste tilviste plassar. Ved koronasertifikat kan kapasiteten aukast til 1000 utan fast plass, og 2500 med fast plass (Sjå detaljar om kapasitet og kohortar på regjeringen.no).
  • Utandørs blir det lov med inntil 800 personar (200 x 4 kohortar) utan faste, tilviste sitteplassar. På faste plassar blir 2000 personar (500 x 4 kohortar) lov. Ved koronasertifikat kan det bli lov med 2000 personar (i kohortar) utan faste, tilviste plasser, og maks 5000 personar i kohortar på faste, tilviste plassar. (Sjå detaljar om kapasitet og kohortar på regjeringen.no).

---


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion