Snart kan 200 samlast til gudsteneste
GJENOPNING: Situasjonen rundt både smitte og vaksinasjon er stadig i betring. Derfor går regjeringa inn for at fleire kan møtast på arrangement framover – også på tvers av kommunar.
OPNAR OPP: – Talet på smitta har gått ned, og vaksinasjonsgraden går raskt oppover. Det betyr at me kan åpne opp meir, seier Ropstad.
Erlend Berge
– Me ser heldigvis positive signal i smittesituasjonen no. Talet på smitta har gått ned, og vaksinasjonsgraden går raskt oppover. Fleire dosar er på veg, og det betyr at me kan opne opp meir, fortel barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad til Vårt Land.
KrF-politikaren veit at mange er spente på kva tiltak sommarens festivalar og stevner må planleggast ut frå. No kjem regjeringa med tydelegare føringar for kva gjenopninga i trinn to og trinn tre betyr i praksis.
– Noko av det folk vil merke best i første omgang, er at me doblar talet som kan samlast innandørs, seier Ropstad.
Bestill abonnement her
KJØP