Religion

Kristen politikar twitra bibelvers — sikta for hatprat mot homofile

Finland: Riksdagsmedlem Päivi Räsänen har blitt tiltalt for tre tilfelle av hatefulle ytringar, mellom anna for å sitere bibelvers om homofili på Twitter.

Finsk påtalemakt har tiltalt riksdagsmedlem og tidlegare innanriksminister Päivi Räsänen for tre tilfelle av hatefulle ytringar mot homofile, skriv den finske allmennkringkastaren YLE.

– Eg kan ikkje akseptere at å uttrykke trua mi kan bety fengsel. Eg reknar meg ikkje skuldig i å ha truga, baktala eller fornærma nokon. Mine utsegner var alle basert på Bibelens lære om ekteskap og seksualitet, seier Räsänen til YLE.

Ho var leiar for det finske partiet Kristdemokraterna frå 2004 og 2015, og har vore riksdagsmedlem sidan 1995.

Siterte Romarbrevet

Dei tre tiltalane dreiar seg om ei brosjyre frå 2004 der Räsänen skriv om sitt syn på ekteskap og seksualitet, samt kommentarar på radio- og fjernsynsprogram og i sosiale medium. Nylegast ein tweet retta mot Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland, der ho sjølv er medlem.

Räsänen har på den trusbaserte juridiske organisasjonen ADF (Alliance Defending Freedom) International si nettside kome med ei uttaling. Der står det at politiet starta etterforskinga av politikaren i juni 2019, og at straffeeramma per tiltale er to år.

Eg kjem ikkje til å byrje å be om unnskulding for Bibelens lære, men stå bak den.

—  Päivi Räsänen, finsk politikar

Tweeten skal dreie seg om kritikk retta mot kyrkja for deira engasjement i Pride 2019-arrangementet i Helsinki. Ho la ved eit bilete av Romarane 1:24-27 der det mellom anna står «Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen. På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.»


Ifylgje statsadvokaten er utsegnene hennar nedsetjande og diskriminerande for homofile, og krenker likeverdet og verdigheita deira. Dermed bryt dei grensene for ytrings- og religionsfridom og vil sannsynlegvis føre til intoleranse, forakt og hat, meiner statsadvokaten.

Vil ikkje be om unnskyldning

Räsänen seier ho blei sjokkert over at statsadvokaten valde å ta ut tiltale. Ho meiner saka dreier seg om religions- og ytringsfridom.

– Eg kjem ikkje til å byrje å be om unnskyldning for Bibelens lære, men stå bak den, seier politikaren.

Ho oppmodar også andre til å utøve trua og ytringsfridomen sin.

Hatprat og valdeleg språkbruk mot seksuelle minoriteter blir rettferdiggjort av ytringsfridom og religion.

—  Kerttu Tarjamo, generalsekretær i Seta

Generalsekretæren i den finske LHBT-organisasjonen Seta, Kerttu Tarjamo, er ikkje einig. På Twitter skriv han at dette viser at ein tek krenkande ytringar mot seksuelle minoritetar på alvor.

– Hatprat og valdeleg språkbruk mot seksuelle minoritetar blir rettferdiggjort av ytringsfridom og religion. Derfor er det viktig for retten å vurdere om dette er hatytringar etter straffeloven.

Ei fjerde etterforsking mot politikaren er avslutta av statsadvokaten. Den tok for seg Räsänens kommentarar i eit fjernsynsprogram, der ho mellom anna skal ha sagt at homofili er ei seksuell forstyrring. I fylgje statsadvokaten er utsegna nedsetjande, men ikkje alvorleg nok til å fremme tiltale.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion