Kristen politikar twitra bibelvers — sikta for hatprat mot homofile

Finland: Riksdagsmedlem Päivi Räsänen har blitt tiltalt for tre tilfelle av hatefulle ytringar, mellom anna for å sitere bibelvers om homofili på Twitter.

Finsk kristen politikar, Päivi Räsästä, sikta for hatefulle ytringar.
TILTALT: Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot Päivi Räsänen, mellom anna basert på ting ho har sagt eller skrive i media og på Twitter om ekteskap, homofili og seksualitet.
Publisert Sist oppdatert

Finsk påtalemakt har tiltalt riksdagsmedlem og tidlegare innanriksminister Päivi Räsänen for tre tilfelle av hatefulle ytringar mot homofile, skriv den finske allmennkringkastaren YLE.

– Eg kan ikkje akseptere at å uttrykke trua mi kan bety fengsel. Eg reknar meg ikkje skuldig i å ha truga, baktala eller fornærma nokon. Mine utsegner var alle basert på Bibelens lære om ekteskap og seksualitet, seier Räsänen til YLE.

Ho var leiar for det finske partiet Kristdemokraterna frå 2004 og 2015, og har vore riksdagsmedlem sidan 1995.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP