Koronakommisjonen sin rapport er 450 sider lang. Tre setningar handlar om tru og livssyn

KORONAKOMMISJON: – Skuffande, overraskande og historielaust, meiner Ingrid Rosendorf Joys. Kommisjonsleiaren kan ikkje hugse at temaet har vore oppe til diskusjon.

Stener Kvinnsland, leiar av koronakommisjonen leverar rapporten til statsminister Erna Solberg.
IKKJE EIT TEMA: Stener Kvinnsland, leiar av koronakommisjonen leverar rapporten om styresmaktene si handtering av koronapandemien til statsminister Erna Solberg. Men innan feltet tru og livssyn blir ho nok ikkje så mykje klokare at sitt nye lesestoff.
Publisert Sist oppdatert

– No tek du meg litt på senga, seier leiar for koronakommisjonen, Stener Kvinnsland, då han blir spurt om tru og livssyn sin plass i kommisjonen sin fyrste rapport som blei overlevert til statsministeren på onsdag.

Han kan ikkje hugse at temaet har vore oppe til diskusjon i kommisjonen.

Dei fekk i oppdrag å kartlegge alle relevante sider ved handteringa av covid-19-pandemien. I den over 450 sider lange rapporten er det om lag tre setningar som handlar spesifikt om tru- og livssyn, i tillegg til eit døme om korleis det var å ha gravferd under kornarestriksjonar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP