Religion

Justin Bieber lovpriser to ting på sitt nye album. Éin av dei er Gud

POPSUKSESS: Ein av tidas mest populære artistar fyller øyrene til ei heil verd med trua si på Jesus. Dette er historia om korleis Justin Bieber tok nåden inn i musikken sin – og livet sitt.

«I know we believe in God and God believe in us»

«I’m runnin’ to the altar like a track star»

«You prayed for me when I was out of faith»

Han trur på Gud slik Gud trur på oss. Han spring til alteret som ei løpestjerne. Og han blei beden for då han sleit med trua.

Tekstane er henta frå Justin Bieber sitt nye album, Justice, som ligg an til å bli det mest strøyma i verda så langt i 2021. Platesleppet er gjennomsyra av sjølvgransking og forsoning – med seg sjølv og med Gud. Eit heilt naturleg og riktig uttrykk for Bieber der han er no, skal ein tru dei som har følgt 27-åringens karriere tett.

Men korleis gjekk Bieber frå småpike-idol, via rabiat tenåringsstjerne, til moden kristen ektemann, slik han viser i musikken no?

Singer Justin Bieber performs at Madison Square Garden on Tuesday, Aug. 31, 2010 in New York. (AP Photo/Evan Agostini)

Eit rop om hjelp

La oss spole tilbake eit par år før Justice.

Justin Bieber er i slutten av tenåra. Oppveksten i offentlegheita, som «snill, kristen gutt» og idol for småjenter, får ein kraftig motreaksjon.

Han tyr til narkotika, vald og går inn i ein depresjon. Bieber driv utagerande festing og er ufyseleg mot fansen. Den uskuldige kanadieren skapar skandaleoppslag.

– Det må vere umogleg å ikkje havne i ei identitetskrise når du har alle sine auge på deg frå du er eit barn. Korleis finn du då ut kven du er som person – og kven du skal vere som vaksen?

Det seier Maria Celine Lundeby. Ho er ungdomskonsulent i NLM ung, forfattar og lærar, men har eit ekstraordinært forhold til Justin Bieber. I 2014 leverte ho masteroppgave om han ved MF, og har følgt livet hans tett i eit tiår.

Oslo  20120530.
Popstjernen Justin Bieber holder konsert på scenen ved operaen. Her er flere tusen fans samlet på operataket for å se og høre idolet.
Foto: Krister Sørbø / NTB

Det gjekk inn på henne å sjå Bieber leve livet på kanten til det destruktive. Til tider bikka det over. Likevel ser ho på det som skjedde som ein heilt naturleg reaksjon på å vakse opp i rampelyset.

– I tida kor Justin Bieber «gjekk i bakken» utvikla eg ein slags storesøsterkjærleik for han. Mange vendte han ryggen då han oppførte seg så usmakleg. Det er jo ikkje så rart. Han var på ingen måte noko godt forbilde.

– Men det var eit rop om hjelp.

---

Justin Bieber

  • 27 år gammal (f. 1994) kanadisk popartist.
  • Blei oppdaga på Youtube, og har vore aktiv sidan 2007.
  • Har sidan gitt ut seks studioalbum. Det nyaste, Justice, kom i april 2021.

---

«Ein skikkeleg drittunge»

Dette ropet høyrde også Pia Skevik, som er musikkprodusent i NRK, DJ og Justin Bieber-fan.

– Samtidig som han stadig pusha grenser privat, kravde apparatet rundt han ny musikk, nye opptredenar på TV, store turnear, platesigneringar og fanmøter. På eit punkt blei han rett og slett ein skikkeleg drittunge, synest ho.

På denne tida forsvann også kristentrua til Bieber frå offentlegheita. Fram til då hadde trua vore synleg på fleire arenaar, også i sjølve musikken. Ein av Skeviks favorittar, «Purpose», var nærmast ei kjærleikserklæring til kristendommen og Gud.

Maria Celine Lundeby beit seg merke i at Jesus blei borte frå intervjua og SoMe-profilane til Bieber. Ho hadde nemleg lenge studert korleis han snakka om kva han trudde på – det var dette masteren hennar i religionsvitskap handla om.

– I første del av karriera snakka Bieber nesten forkynnande om Jesu død på korset. Men eg har forstått det slik at han nærmast mista relasjonen til Jesus då det «gjekk nedover», seier Lundeby.

– Det er nok derfor trua hans står så sterkt no. No har han forstått kven Jesus er, seier han sjølv.

Slik blei livet redda

I tida etter krakket har Justin Bieber vore åpen på kva han strevde med, og korleis han kom ut av det. Han har vore sårbar og audmjuk, i både musikken og på offentlege plattformar. Med Biebers eigne ord:

– Eg skulle ikkje lenger vore på planeten. Eg trur det er på grunn av Guds nåde, fortalde han magasinet Complex for fem år sidan.

Men kva gjorde at det snudde?

Skal ein tru dei som har følgt han, handlar det nok om fleire ting. Bieber fekk hjelp til avrusning og hjelp til å takle depresjonen. Men ikkje minst møtte han to pastorar, Judah Smith (Churchome) og Carl Lenz (Hillsong), som gjekk lange vegar for å frelse han.

In this July 14, 2013 photo, Pastor Carl Lentz leads a Hillsong NYC Church service at Irving Plaza in New York. With his half-shaved head, jeans and tattoos, Lentz doesn't look like the typical religious leader. But with its concert-like atmosphere and appeal to a younger demographic, his congregation, Hillsong NYC, is one of the fastest growing evangelical churches in the city. (AP Photo/Tina Fineberg)

Lang historie kort: Etter å ha blitt stabla på beina av støtteapparatet, kom Bieber til konklusjonen: «Eg vil starte på nytt, og gjere dette på ordentleg», har Hillsong-pastor Carl Lenz fortalt Oprah. I praksis betydde det å bli døypt på ny, og det ganske raskt.

Etter tre forgjeves forsøk på å finne ein passande plass i New York-natta – med ein drøss av paparazziar på slep – enda Lenz og Bieber opp i badekaret til basketstjerna Tyson Chandler. Klokka var 03:00.

– Det var umogleg å ikkje bli rørt, har Lenz fortald om hendinga, gjengitt i Christian Post.

I 2020 fornya han dåpsløftet igjen, denne gongen saman med kona Hailey Bieber. På åra imellom har han fått ei «djupare forståing» av trua, og ville manifestere Jesus som ein del av ekteskapet.

Musikken som arena for oppgjer

Plata Justice, som no toppar lister over heile verda, er eit slags oppgjer med den opprørske motgangstida, ser NRK-Skevik.

– Det kan virke som det aller meste fall på plass då Bieber, etter fleire år med ein turbulent livsstil og turbulente relasjonar, fann tilbake til Gud.

– At han møtte kona Hailey Bieber var òg ei viktig hending. Dei sparte seg til ekteskapet, og har i lange periodar levd rusfritt. Begge deler er ganske uvanlege livsval for unge i verdseliten av rampelyset, seier Skevik.

Justin Bieber and Hailey Baldwin arrive at the Los Angeles premiere of "Justin Bieber: Seasons," Monday, Jan. 27, 2020. (Photo by Jordan Strauss/Invision/AP)

Lundeby har etterkvart kome fram til ein slags kjerne av kva ho oppfattar at den nyvunne trua til Justin Bieber består av i dag.

– Det eg les, med mine linser, er at prestasjonane hans ikkje lenger betyr noko.

– Og det er jo ganske kult: At ein artist som både har fått til enormt store ting, men òg har ramla saman framfor augene på alle, seier at han verken vinn eller tapar verdi i dei tinga. Det er Gud han får verdien frå.

Dei to lovprisningane

Fleire musikkmeldarar omtalar enkelte av låtane på Justice nærmast som lovsang. Også element frå gospel er til stades, og mange av tekstane har direkte referansar til kristne bodskap.

«The first step pleases the Father, might be the hardest to take. But when you come out of the water, I’m a believer» syng Bieber på «Holy», for eksempel.

– Eg elskar Justice, seier Pia Skevik.

– Plata er audmjuk, sjølvransakande og sår. Samtidig viser den ein del av den «tounge-in-cheek»-sjarmen som han i utgangspunktet vann over verda med, for eksempel i låta «Peaches».

Musikkprodusenten blei faktisk rørt av nokre av låtane på plata, kor dei sterke kjenslene for kona Hailey Bieber nærmast «renn over». «Deserve You» og «Hold On» er to av dei.

– Desse skildrar sterke relasjonar, som på ingen måte alltid er rosenrøde, men kor det blir vist forståing for at graset er grønare der ein vatnar det.

Og som innleiinga til artikkelen seier, er det altså to lovprisingar Bieber brukar albumet på å gi: Den eine er til Gud. Og den andre er til kona.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion