Religion

Denne insta-kontoen avslører kjendispastoranes rådyre stil

LUKSUS UNDER LUPEN: Trend-sneakers, designervesker og krokodillebelter til titusenvis av kroner. Er det greit å tene seg rik på å forkynne evangeliet – og å kle seg i overdådige plagg for pengane? Det lurer Ben Kirby på.

– Kor mykje er for mykje? Er det ok å bli rik på å preike om Jesus?

Desse spørsmåla sat amerikanaren Ben Kirby igjen med etter å ha sett på lovsangsvideoar på YouTube. Ein sundag morgon for to år sidan la han merke til at lovsangsleiaren i Elevation Worship hadde på seg «Yeezy»-joggesko. Veldig trendy – og veldig dyre. Då fekk han ein idé.

På Instagram-profilen Preachers N Sneakers analyserer han garderoben til amerikanske pastor-profilar, og driv gjøn med både prislappen og estetikken. I eit intervju med Washington Post avslørte 31-åringen bak kontoen nyleg identiteten sin. Til avisa fortel han at det som ein spøk med rare plagg til skyhøge summar, etterkvart fekk ei slags aktivistisk meining.

Kirby retter lys mot rikdom, klasse og forbruk hos religiøse leiarar og forbilder. Skråblikket deler han no med nesten 250.000 følgarar. Han finn bilder av pastorar – ofte i kyrkjelege samanhengar – og legg det ut saman med prislappen på plagget.

Desse får høyre det

Lista er lang over dei kristne leiarane som får gjennomgå på kontoen. Dei fleste av dei menn. Blant dei som blir avbilda:

  • Pastor Steven Furtick frå Elevation Church, som har over tre millionar Instagram-følgarar.
  • Pastor John Gray frå Relentless Church, med over éin million følgarar på Instagram.
  • Pastor Rich Wilkerson frå Vous Church, med over 900.000 følgarar.
  • Evangelist og Lakewood-pastor Lisa Osteen Comes, med nesten 700.000 Facebook-tilhengarar.

Washington Post prøvde å kontakte fleire av pastorane, mellom andre eks-Hillsong-pastor Carl Lentz og Trumps andelege rådgivar Paula White-Cain, om saka, var det ingen av dei som svara.

– Er det greitt å tene dobbelt så mykje som median-inntekta i kyrkja di? undrar Kirby i avisa.

Pastorar blir kjendisar

Instagram-«stjerna» sitt kritiske blikk kjem innanfrå. Sjølv er han sterkt truande kristen, ein evangelikal. Han ser klesstilen, og livsstilen, til pastorane som ein del av ein trend: Dei blir meir og meir til «kjendisar».

– Pastorane som har enorme følgarskarer på sosiale medium er ikkje berre pastorar lenger. Ofte har dei private inngangar, reserverte parkeringsplassar, ekstra tryggleik og personlege assistentar, skriv Kirby i boka han nyleg har gitt ut om dette fenomenet.

Mange av dei kyrkjelege leiarane lovar at medlemmene skal bli velsigna av Gud viss dei velsigner kyrkja, seier Kirby. I tillegg til å preike og leie kyrkjelydar, har mange av profilane blitt forfattarar, coachar og påvirkarar.

Til Washington Post seier Kirby at han ikkje meiner at kristne skal ta avstand frå mote eller kjendiseri. Det han vil, er å bidra til meir gjennomsiktigheit og ansvarleggjering.

Når han sjølv blir konfrontert med om det er greitt at han tener pengar på bok, podkast og Instagram om dette, svarar Kirby:

– Eg får folk til å stille spørsmål ved «status quo» i kyrkja, og forhåpentlegvis fører det til ei re-evaluering av kva me set pris på.

– At folk ikkje kjem til å nå Gud utan denne fyren som har på «Yeezy»-sko? Kom igjen.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion