Religion

Frå Normisjon til IKO

NY JOBB: Anne Birgitta Langmoen Kvelland blir ny direktør for IKO – Kyrkjeleg pedagogisk senter og IKO-Forlaget AS.

Tidlegare generalsekretær i Normisjon, Anne Birgitta Langmoen Kvelland, har takka ja til stillinga som direktør på IKO – Kyrkjeleg pedagogisk senter og IKO-Forlaget AS. Dette melder IKO i ei pressemelding.

Kvelland tiltrer stillinga etter sommaren, den 9. august. Ho er tilsett i ei åremålsstilling som blir avslutta ved utgangen av 2026.

– Eg gleder meg til å ta fatt og vera med og verkeleggjera IKO’s visjon om å skapa rom for kristen tru, håp og undring, seier Kvelland.

Den nye direktøren er utdanna teolog frå MF og har i tillegg utdanning i pedagogiske fag og rettleiing. Ho tar no eit masterprogram i Samspill og leiing ved BI. I tillegg til hennar førre jobb som generalsekretær har ho òg vore internasjonal leiar og personalleiar i Normisjon. Tidlegare har ho jobba innan undervisning mellom anna som høgskulelektor i ved Høgskolen i Staffeldtsgate. Ho har òg vore dagleg leiar for Kirkens SOS i Agder.

IKO’s pressemelding omtaler Kvelland som ein motiverande, løysningsorientert og handlekraftig leiar med fagleg breidde og med fokus på nytenking.

– Me er glade for at Anne Birgitta L. Kvelland blir ny direktør i IKO. Ho har god kjennskap til Den norske kyrkja og brei erfaring frå Normisjon. Gjennom arbeidet som generalsekretær i Normisjon, har ho eit kontaktnett som me håpar kan vera med å gje IKO enno fleire samarbeidspartnarar framover. I tillegg har ho ein fagleg tyngde som er viktig for IKO som ein seriøs aktør i arbeidet med å skape rom for kristen tru, håp og undring. Me ber om Herrens velsigning over Anne Birgitta og arbeidet hennar i IKO i åra som kjem, seier styreleiar i IKO, Ludvig Bjerkreim.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion