Religion

Prest fekk Blues Brothers-filter under gudsteneste

FILTER: Nok ein gong har videokonferansetenesta Zoom gjeve oss noko å le av under korona. Denne gongen var det ein uheldig britisk prest det gjekk utover, då han framstod noko utradisjonelt påkledd under ei digital gudsteneste.

Det var førre sundag då den britiske presten Vaughan Roberts skulle fram for å preike under den direktesende gudstenesta at noko uventa skjedde, det melder fyrst britiske Classic FM.

Plutseleg førte eit filter til at han blei ikledd svart hatt og mørke solbriller, og skulle få han til å likne karakterane i 80-talsfilmen Blues Brothers, som vanlegvis i tillegg til dei karakteristiske solbrillene og svarte hatten er iført dress og slips. Heldigvis fekk Roberts behalde den kvite prestekjolen.

Presten Vaughan Roberts med Blues Brothers-filter under gudsteneste

Slapp å bli prinsesse

Filteret datt av og på fram til kona til Roberts, som styrte mobilen som dei filma gudstenesta med, under fyrste salme stille gjekk fram til ektemannen og bad han om å ikkje stå rett framfor kameraet resten av sendinga.

Kvifor filteret kom er framleis eit mysterium, men når det fyrst skulle gå som det gjekk er Roberts takksam for at det var Blues Brothers han blei forvandla til. Han har nemleg lenge vore ein tilhengar av bluesbrørne som sidan premiera i 1980 har blitt eit kultfenomen.

I filmen prøvar dei to halvkriminelle brørne å samle nok pengar til å redde barneheimen dei voks opp på frå nedlegging. Sjølv seier Roberts at han ikkje hadde noko imot å bli forvandla til ein bluesbror, og tenkjer med skrekk på korleis det kunne gått.

Sjå video

– Eg er berre glad for ar barnebarna mine ikkje leika med mobiltelefonen i løpet av helga. Då hadde eg risikert å bli ei prinsesse frå Frost, eller ein hund frå Paw Patrol, seier Roberts til Classic FM.

Gudstenesta blei halden i småbyen Warwick, og du sjølv sjå gudstenesta på facebooksida til kyrkjelyden. Hopp gjerne fram til 03:45 i videoen for å sjå at filteret kjem på for fyrste gong.




Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion