Religion

«Skyt meg i staden» tryglar nonna. No går videoen av den modige kvinna verda rundt

MYANMAR: Søster Ann Rose Nu Tawng stilte seg mellom politiet og demonstrantane – midt i opptøyene i Myanmar. Motet for å beskytte dei sivile rører mange.

45-åringen sette seg på kne framfor eit væpna politi, slo armane ut, og trygla dei om å ikkje skyte dei sivile som protesterer fredeleg. Nonna blei redd for dei mange barna ho såg bak seg.

– Eg trygla om at dei ikkje måtte skyte og torturere barna, men å skyte meg og drepe meg i staden, fortalde Ann Rose Nu Tawng til nyhetsbyrået AFP, gjengitt i The Guardian.

Sidan militærkuppet i februar har tusenvis tatt til gatene for å kjempe tilbake demokratiet og fridommen i landet, men politiet møter demonstrantane med stadig sterkare middel.

Midt i kaoset har søster Ann Rose Nu Tawng si handling blitt eit rørande lyspunkt. Videoen og bilda av katolikken som går rett imot politiet har blitt spreia i sosiale medium og store aviser dei siste dagene. Også i slutten av februar gjorde nonna seg bemerka med eit liknande heltemod.

Sjå bildene frå Reuters her:

Sparte mange skjebner

Etterkvart som protestane held fram i Myanmar, har militærjuntaen auka valdsbruken sin. Tåregass, vannkanonar og gummikuler er blant det demonstrantane kan vente seg.

Til AFP, gjengitt i The Guardian, fortalde søster Ann Rose Nu Tawng denne veka at ho og to andre nonner såg politiet jage ei gruppe menneske for å arrestere dei. Ho blei uroa for barna, og sette seg ned på kne, bedande om å spare dei.

– Ungane fekk panikk og sprang til fronten. Eg kunne ikkje gjere noko, men eg ba til Gud om at han måtte redde og hjelpe barna, fortalde ho.

Ifølge Reuters blei fleire såra etter angrepet på måndag, trass nonnas innsats for å stoppe det. Første gong nonna gjorde noko liknande, 28. februar, kan handlinga ha beskytta over 100 demonstrantar, meiner Joseph Kung Za Hmung, som leiar den største katolske avisa i landet.

Til Religion News Service seier han at dei ville risikert brutal vald eller arrest viss ikkje. Kung Za Hmung trekk nonna fram som eit forbilde for kyrkjeleiarar, som «er kalla til å gå utanfor komfortsona si og bli inspirert av motet hennar».

– Eg kan ikkje stå og sjå på utan å gjere noko, seier nonna sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion