Oslo Universitetssykehus har tilsett muslimsk samtalepartnar
NYTILSETT: Norsk-somaliske Abdifataah Mohamed Mahamud har takka ja til stillinga som muslimsk samtalepartnar og vegleiar ved Oslo Universitetssykehus.
NY STILLING: Bakgrunnen for stillinga er eit ynskje om at pasientar og pårørande som tilhøyrer andre trus- og livssynssamfunn enn kristne skal ha eit likeverdig tilbod.Foto: Lise Åserud / NTB
Lise Åserud/NTB
– Her har ein nok tenkt at ein ynskjer å ha ein imam. Eg rekna ikkje med at dei kom til å tilsetje ei kvinne, men eg er litt overraska over at dei har valt ein så ung person. Også er det positivt å sjå at dei har tilsett nokon frå eit norsk-somalisk miljø, som trass i alt er den største gruppa muslimar i Noreg, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.
I november skreiv Vårt Land at Oslo universitetssykehus og sjukeheimsetaten i Oslo hadde fått midlar til å tilsetje ein sjukehusimam. Bakgrunnen for å opprette stillinga er at ein har eit ynskje om at pasientar og pårørande som tilhøyrer andre trus- og livssynssamfunn enn kristne skal ha eit likeverdig tilbod. Etter kvart endra ein stillingstittelen til muslimsk samtalepartnar og vegleiar, sidan imam ofte er ein posisjon reservert for menn.
Mange søkjarar
Bestill abonnement her
KJØP