Får åpne frikyrkja igjen, men ikkje på tvers av kommunar: – Uforståeleg
ETTERLYSER SKJØNN: Regjeringa fråråder å samle folk frå ulike kommunar til arrangement. Det kan oppfattast som diskriminerande for frikyrkjer, seier pastor.
I Misjonskirken Stavanger har Sten Sørensen plass til mange, og gler seg til å ønske kyrkjelyden velkommen. Pastoren håpar han ikkje må stenge dørene for medlemmer frå andre kommunar enn Stavanger.
Helge Granly
Då pastor Sten Sørensen såg beskjeden om at han kunne samle 100 personar i Misjonskirken Stavanger igjen, blei han veldig glad. «Ein gledesdag», kalla han fredag 19. februar. Så fekk han ein kalddusj.
I regjeringas retningslinjer står det nemleg at: «Arrangementer som samler personer fra ulike kommuner, bør utsettes eller avlyses».
– I Frikyrkje-Norge har me medlemmer i eit breiare omland. Å seie at me berre kan samlast til gudsteneste innanfor kommunegrensene, er uforståeleg frå vår ståstad. Det kan oppfattast som diskriminerande, seier Sørensen.