Religion

Får åpne frikyrkja igjen, men ikkje på tvers av kommunar: – Uforståeleg

ETTERLYSER SKJØNN: Regjeringa fråråder å samle folk frå ulike kommunar til arrangement. Det kan oppfattast som diskriminerande for frikyrkjer, seier pastor.

Då pastor Sten Sørensen såg beskjeden om at han kunne samle 100 personar i Misjonskirken Stavanger igjen, blei han veldig glad. «Ein gledesdag», kalla han fredag 19. februar. Så fekk han ein kalddusj.

I regjeringas retningslinjer står det nemleg at: «Arrangementer som samler personer fra ulike kommuner, bør utsettes eller avlyses».

– I Frikyrkje-Norge har me medlemmer i eit breiare omland. Å seie at me berre kan samlast til gudsteneste innanfor kommunegrensene, er uforståeleg frå vår ståstad. Det kan oppfattast som diskriminerande, seier Sørensen.

Sten Sørensen - Misjonskirken Stavanger - Troens Bevis

---

Regelverk og «fastmonterte seter»

  • 5. november i fjor sette regjeringa ei «grense på 50 personer på innendørs arrangement uten fastmonterte seter» og «200 personer på arrangementer hvor alle i publikum sitter i fastmonterte seter».
  • Dagen etter slo Helsedirektoratet fast at kyrkjebenkar ikkje er rekna som fastmonterte seter.
  • Frå tysdag blei det lov med inntil 100 deltakarar på innendørs arrangement med faste, tilviste plassar. Regelen gjeld alle arrangement, og uavhengig av sitteunderlag.

---

Kunstige skilje

Kyrkja hans held til i ein region med kommunar tett på kvarandre – både geografisk, og i arbeidsliv og skuleliv.

– Då burde det vere logisk å kunne sjå området under eitt. Viss ein bur i ein region med smitten under kontroll, kvifor skal ein då dra desse kunstige skiljelinjene?

Sørensen veit han har medlemmer frå Sandnes som bur mykje nærmare kyrkja enn nokre av dei i Stavanger. At medlemmer som bur 500 meter på «feil side» av kommunegrensa ikkje får kome til gudsteneste, synest han er urettferdig.

– Det er hos oss dei har kyrkja si. Det må gå an å bruke sunn fornuft, og tenke praktisk i korleis ein navigerer i dette. Ikkje la desse menneska oppleve endå ein ny nedtur, seier pastoren i Misjonskirken Stavanger.

Erhard Hermansen

Får mange spørsmål

Mange av medlemmene i Norges kristne råd (NKR) har lurt på det same som Sørensen, kan generalsekretær Erhard Hermansen fortelje.

– Det finst eksempel på kyrkjelydshus som er lokalisert i nærleiken av ei kommunegrense, og kor dei fleste av medlemmene faktisk er busett i nabokommunen, seier han.

Hermansen veit at mange av forsamlingane NKR organiserer høyrer til i regionar som har felles arbeidsliv.

– Det ville derfor vore lettare om dette var knytt opp mot bu- og arbeidsregionar, og ikkje kommunar, seier Hermansen.

Til Vårt Land opplyser Helse- og omsorgsdepartementet at dette har blitt vurdert.

– Spreiinga av dei nye og meir smittsame virusvariantane gjer smittesituasjonen meir uføreseieleg, opplyser statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H).

Det er derfor regjeringa har innført desse nasjonale tiltaka, som skal redusere mobilitet og kontakt mellom menneske. Rådet om å avlyse arrangement som samlar folk frå ulike kommunar er basert på vurderingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, opplyser departementet.

– Dei har konkret vurdert om tilrådinga skulle gjelde for ulike bu- og arbeidsregionar og ikkje kommunar. Deira vurdering var at det ville innebere auka risiko for smittespreiing på tvers av kommunegrenser, fortel Korkunc.

Det kjem ei ny vurdering av dei nasjonale tiltaka i midten av mars.

– Det er mange som er einsame no, og einsemda byrjar å tære på.

—  Sten Sørensen

Livsnødvendig

– Eg har nesten ikkje tora å seie det til kyrkjelyden, innrømmer Sten Sørensen onsdag føremiddag.

Gladmeldinga om åpninga for 100 personar er allereie sendt ut på epost. Å kontre med at det berre gjeld for folk i Stavanger kommune, sit langt inne. Han håper regjeringa vil snu, og revurdere retningslinjene.

– Det er mange som er einsame no, og einsemda byrjar å tære på. I lengda blir det mekanisk og teoretisk å møtast til gudsteneste digitalt.

– Det sosiale er like viktig som forkynninga i ein kyrkjelyd. Det betyr enormt mykje å få møte sine åndelege søsken – og det motsette når ein ikkje får treffast.

Sørensen har likevel sett eit lyspunkt: Prestar og pastorar får lov til å krysse kommunegrensene. Dei blir sett på som livsnødvendige.

– Då eg las det, sa eg «takk og lov». Eg bur i Lyngdal og får heldigvis pendle til Stavanger. Men eg skulle ønske at det livsnødvendige gjekk lenger – også for medlemmene.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion