Religion

Arbeidet for å få solceller på kyrkjetak har stoppa opp

KLIMA: Prøveprosjektet Strand kirke har med stort hell installert solceller på taket. Men retningslinjene for andre kyrkjer let vente på seg. – Veldig synd viss vegleiaren ikkje blir noko av. Den er etterlengta i Kyrkje-Noreg, seier kyrkjeverje Trond Hjorteland.

Kyrkjeverje i Strand og Jørpeland Trond Hjorteland har gode erfaringar etter dei fekk installert solceller på taket av Strand kirke i Ryfylke i 2016. Prosjektet var meint som ein pilot i samarbeid med KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA), der ein skulle hauste erfaringar som skulle munne ut i ein rettleiar med retningslinjer for andre kyrkjer som var interesserte i å få solceller på taket.

Mange har tatt direkte kontakt med Hjorteland og vist interesse for å setje i gang liknande prosjekt, men rettleiaren frå KA let vente på seg. Dette meiner kyrkjeverja gjer at pilotprosjektet får avgrensa verdi for andre enn Strand kirke.

– Da blir det meir tilfeldig, folk tek kontakt med oss direkte og eg sender over dokumentasjon. Det er veldig synd viss det ikkje blir noko av rettleiaren. Det ville vore til stor hjelp, og eg opplever at det er etterlengta rundt i Kyrkje-Noreg.

Trond Hjorteland, kyrkjeverge i Strand og Jørpeland.

---

Dette er saka:

  • Den norske kyrkja lyftar fram solceller på kyrkjetak som eit tiltak for å redusere kyrkjas klimagassutslepp.
  • På grunn av mange freda, verneverdige og framståande kyrkjebygg har ein vore uroa for skjemmande solceller.
  • KA, Kyrkjerådet og Riksantikvaren har derfor gått saman om å utarbeide retningslinjer i ein rettleiar for dei som vurderer å installere solceller på kyrkjetak.
  • Lanseringa av rettleiaren har blitt skuva på fleire gonger. På kyrkja.no står det no at den skulle vera ferdig sommaren 2020.
  • Arbeidet har stoppa opp etter at KA-rådgjevaren som leia arbeidet slutta.

---

Påtenkt sidan 2016

Den norske kyrkja si klimamelding viser at oppvarming og energibruk av kyrkjebygg står for den største delen av klimagassutsleppa til kyrkja. Eit av tiltaka som kan bøte på dette er å installere solceller på kyrkjetak.

Men sidan nærmare 1.000 av dei i overkant av 1.600 kyrkjene i Noreg enten er freda eller verneverdige har det vore uro knytt til skjemmande og uheldige løysingar. Difor tok KA initiativ til et samarbeid med Riksantikvaren og Kyrkjerådet om å utarbeide retningslinjer i ein rettleiar for dei som vurderer å installere solceller på kyrkjetak.

Alt i mai 2016 skreiv Vårt Land at «etter sommeren skal KA lage en veileder om bruk av solenergi på norske kirketak». Ferdigstillinga har blitt skuva på, og seinast i fjor blei det sagt at rettleiaren skulle vera ferdig sommaren 2020.

Rådgjevar slutta, arbeidet stoppa opp

Randi Moskvil Letmolie, direktør for avdeling for kyrkjebygg og eiendomsforvaltning i KA stadfestar at rettleiaren framleis ikkje er ferdig.

– På grunn av vakanse har arbeidet stoppa opp, men me håpar å koma igang att med arbeidet snart. Frå vår side må me oppnemne ny deltakar i gruppa som også har representantar frå Riksantikvaren og Kyrkjerådet, seier ho.

Meint som pilotprosjekt

I 2016 skreiv Vårt Land at fleire aktørar hadde gått inn med midlar i prosjektet med Strand kirke. Mellom anna gjekk KA inn med 250.000 kroner, fordi det var eit forbildeprosjekt som dei ynskte å hente erfaringar frå. Enova gav Strand kirke 603.000 kroner og dåverande prosjektleiar i KA, Harald Ringstad uttalte til Vårt Land at «helheten og at dette er et forbildeprosjekt som kan repeteres, var utslagsgivende for Enova».

Hjorteland seier han håpar KA vil ta opp att arbeidet med rettleiaren, for å få fortgang i prosessen.

– Det er så absolutt interesse for det, og eg meiner at KA som arbeidsgjevarorganisasjon må kunne hjelpe fellesråda til å sjå solceller som eit godt alternativ til taktekking.

Hjorteland meiner det ligg potensial i at kyrkjer uansett med jamne mellomrom må utbetre taka sine, og at nye solceller som erstattar takstein ikkje nødvendigvis kostar meir enn å legge nytt skifertak.

– Dessutan går utgiftene til energi ned, seier kyrkjeverja.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion