Har både Jesus og Muhammed som profetar

Biblioteket i den raude firemannsbustaden på Røa i Oslo er like omfattande som det er mangfaldig. Her står Knut Hamsuns samla verk, «The art of Buddhism» og Isabel Allende i skjønn foreining. På armlenet på den vesle sofaen ligg det baha’i-bøker på rekke og rad, dei er nemleg i bruk kvar morgon under ekteparet Thoresens faste morgonstund. Då er meditasjon, tekstlesing, bøn og den kinesiske treningsforma qigong på programmet.

– Men qigong er berre for å få kroppen i gang, det har ingenting med baha’i-trua å gjera, så det treng du ikkje nemne, legg Britt Strandlie Thoresen til.

Ho fortel at mange av bøkane og spesielt klassikarseriane er arva etter faren som var bokhandlar. Også fleire av møblane kjem frå barndomsheimen i Skien, der ho vaks opp på 40- og 50-talet. Faren og Britt stod kvarandre veldig nær.

– Han var ein åndsperson, sjølv om han ikkje var religiøs, trur eg?

Kvinnekamp, meditasjon og ein prest

Då Britt studerte i Trondheim blei faren kreftsjuk. Etter eit år med reising fram og tilbake til Skien døyr han. Britt går inn i det som skal bli den tøffaste perioden i livet sitt. Ho blir klar over kor sårbart livet er, og at det slett ikkje varer evig. Dei eksistensielle spørsmåla melder seg for fyrste gong, og ein lang søken etter noko større byrjar.

Baha’i-trua seier at dei evige sanningane i alle religionar er lik.

—  Britt Strandlie Thoresen


I løpet av dei neste fire åra er Britt innom kvinnesak, politikk, ulike meditasjonsformer («der var det mykje rart»), og kristendom for å prøve å finne svar, men ingenting stod til forventingane. Då presten ho oppsøkte for å få svar sa at ho «stod i Kristi forgard», synest ho svaret var så intetsigande at ho gav opp også dette sporet. Det var fyrst då ei annonse med store bokstavar informerte om eit opent baha’i-møte at brikkene fall på plass.

– Det var akkurat som om noko klikka innvendig, både i hjartet og hovudet.

Ho hadde rett nok litt kjennskap til baha’ifrå før, men no var ho sikker, og i 1979 meldte ho seg ut av Den norske kyrkja og inn i baha’i-samfunnet.

---

Britt Strandlie Thoresen

  • Avtroppande leiar for Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
  • 75 år
  • Gift, tre bonusbarn
  • Tidlegare daglig leiar for Nasjonalt Åndelig Råd for Bahá'íer i Norge

---

Britt Strandlie Thoresen. Styreleder i Samarbeidsrådet For Tros- og Livssynssamfunn. Nestleder i Baha'i-Samfunnet i Oslo.

Treige kristne?

Baha’i-trua er av mange rekna for å vera ein verdsreligion, då fyrst og fremst av ideologiske grunnar og geografisk spreiing, ikkje talet på truande. På verdsbasis er det mellom 6 og 8 millionar baha’iar, i Noreg er talet rundt 1200. Religionen oppstod i siste del av 1800-talet i Persia, der Mirza Husayn-Ali Núri, eller Bahá'u’lláh som han kalla seg, blei født.

Han skreiv gjennom 40 år ned openberringar som blei grunnlaget for baha’i-trua og blir i dag rekna som den viktigaste av fleire profetar for baha’iane. Andre som kan nemnast er Krishna, Moses, Jesus og Muhammed. Baha’iane er nemleg heilagt overbeviste om at alle religionar har same grunnlag, og at Gud sender sine profetar til jorda med jamne mellomrom for å formidle visdom og levereglar som passar inn i den aktuelle tida og kulturen.

– Men betyr det at muslimar, og i endå større grad kristne, eigentleg berre heng litt etter?

Britt ler godt, og seier ho forstår tanken, men vil ikkje seie seg heilt einig.

– Eit betre bilete er å sjå for seg ei bok om skapinga. I boka blir kapitla innleia med dei ulike profetane, og boka vil utfalde seg med tida. Me menneske treng ny rettleiing etter kvart. Den åndelege kjernen er den same, men dei sosiale lovane endrar seg i pakt med tida og den siste openberringa.

Ei lære for kvar tid

– Menneska har utvikla seg gjennom dei ulike stadia frå barndom og ungdom til vaksen, moden alder. Dei religiøse skriftene eller profetane talar til menneska på det nivået dei er. Men det betyr ikkje at når du lærer A i fyrste klasse så står det i motsetnad til det du lærer på vidaregåande. Alt bygger på kvarandre. Derfor vil eg ikkje seie at kristne heng etter, men ein er der ein er, og det skal ein ha respekt for. Baha’i-trua seier at dei evige sanningane i alle religionar er lik, mellom anna at menneske er både kropp, sjel og ande.

– Men viss alle religionar er sanne, korleis forklarar ein direkte motsetnadar i læra deira?

– Ta til dømes Muhammed sine formaningar om ikkje å eta svinekjøt. Det var eit godt råd i hans tid, sidan ein ikkje hadde det som trongst for å oppbevare kjøtet på ein forsvarleg måte. Det kan ein i dag, og difor har ikkje baha’iar nokon regel mot å eta svinekjøt. Men Baháulláh seier at menneske skal gå over til å eta meir vegetabilsk kost. Og det ser me at gjev meining i vår tid, med ein pressa jordklode.

Ho svarar tolmodig. Men korleis er det eigentleg å høyre til ein religion som er så liten at svært få veit kva ein trur på? Blir det ikkje slitsamt i lengda å forklare kva baha’i går ut på?

– Slettes ikkje! Men det som kan bli litt slitsamt er alle fordommane ein møter. For det er det mange som har. At baha’i eigentleg berre er synkretisme og ikkje ein eigen religion for eksempel. Me har eigen profet og eigne heilage skrifter. Eller når folk på 70-talet utan å eigentleg undersøke det hadde bestemt seg for at me var ein del av New Age-rørsla.

Britt Strandlie Thoresen. Styreleder i Samarbeidsrådet For Tros- og Livssynssamfunn. Nestleder i Baha'i-Samfunnet i Oslo.

Ny verdsordning

Baha’iane trur og håpar at religionen deira skal bli mykje større enn han er i dag. World Christian Encyclopedia reknar baha’i som den raskast veksande religionen det siste hundreåret. Men den største delen av veksten skjer i andre delar av verda enn vår. For Thoresen var det ei vond oppleving som førte ho til trua. Og ho seier seg einig med Harald Eia sin konklusjon frå i haust om at nordmenn har det for godt til å bli religiøse.

– Ein må kanskje bli litt skaka. No blir me for så vidt det av epidemien. Den lærer oss også å sjå på oss sjølve som verdsborgarar, det viser kor avhengige me er av kvarandre, at me må ha eit fellesskap utover Noreg. Pandemien bryr seg ikkje om landegrenser. Og baha’i-trua har ei rettleiing for korleis kloden skal bli styrt deretter.

Thoresen siktar til korleis baha’iar jobbar for mellom anna felles globalt parlament, domstol, økonomisk system og språk. Når i tillegg likeverd, fred og einskap er noko av dei viktigaste måla for baha’iane, gjer dette at trussamfunnet er ein aktiv støttespelar for FN.

Krevjande konflikt

Og for Thoresen har det internasjonale aspektet vore viktig. Ho har i mange år vore engasjert for baha’iars situasjon i Iran, der forfylging med henrettingar, fengslingar og diskriminering er utbreitt. Blant anna jobba ho for å få gjennom eigne flyktningkvotar for baha’iar på 80-talet, og for å opprette faddargrupper for nye flyktningar i Noreg. Men det er verva som leiar for baha’ianes øvste nasjonale organ, og rådsmedlem i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) som konkurrerer om å ha lengst intervall på CV-en, med 25 år kvar. Og i vår går ho av etter to periodar som styreleiar i sistnemnde, der ho har vore med heilt sidan oppstarten i 1996.

– Det har gått frå å vera ei bittelita frivillig gruppe til å bli ein respektert samfunnsaktør. Det har vore meiningsfullt å vera med på, sjølv om det til tider har vore krevjande.

Thoresen fortel at det tok krefter å gå inn som leiar for fire år sidan, då STL var midt i ei mykje omtalt konflikt med Islamsk Råd Norge, som til slutt enda med å trekkje seg frå samarbeidsrådet.

– Eg blei kasta inn i det, og det var ganske heftig, heftigare enn eg hadde trudd i forkant. Det var ein storm, men me kom oss gjennom det også. Og me har ikkje lukka døra.

Eg synest ein generelt er for redd for å treffe menneske med ei anna tru.

—  Britt Strandlie Thoresen


Britt Strandlie Thoresen

Krafta i salmesong

Det å ha vore i kontakt med ulike religiøse miljø har gjeve Thoresen mykje. Ho finn ofte resonans i truande menneske.

– Dei har ein himmel over seg og veldig mykje me kan me einast om. Det å ha kontakt med andre religionar er meiningsfullt og viktig. Eg synest ein generelt er for redd for å treffe menneske med ei anna tru.

Sjølv har ho mange gode minne frå møte med andre religionar. Mellom anna gjorde ei gudsteneste under kyrkjemøtet i Trondheim 2019 inntrykk. Ho var der som representant frå STL, og den store katedralen var fullpakka. Dåverande preses Helga Haugland Byfuglien hadde preika.

– Når alle dei menneska song unisont, og dei som var der, dei kunne synge, då er det klart at det rører ein. Eg trur det er ånd i det, nei, eg veit at det er ånd i det. Krafta treffer meg også, det var ei stor oppleving. Det er litt godt med den veldige styrken.

Det blir noko litt anna enn dei små forsamlingane i det norske baha’i-samfunnet. Men på pilegrimsturane ho har vore på til Haifa, Israel, der baha’is verdssenter ligg, har ho kjent på krafta i å vera mange.

---

4 raske

  • Gud er: Uerkjenneleg
  • Eg klarar meg ikkje utan: Mine daglege bøner, og så lenge det er mogeleg: mannen min
  • På gravsteinen min skal det stå: Plant i hjertets have, kun kjærlighetens rose
  • Boka alle må lesa: Baha’i-troens skrifter

---

75-årsdag på zoom

Men heldigvis har Thoresen fått god trening i å trivast også under mindre forhold. Det kan koma godt med under korona. For på måndag denne veka fylte Thoresen 75 år.

Dagen skulle eigentleg bli feira med mange venner og kjente i lokala til Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, som ho har vore med i styret for grunnlegging av. I staden blir selskapet gjort om til tre zoom-møte: eit for vener, eit for familie og eit for baha’iar.

– Ganske fiffig, synest eg. Me har fått nokre lærdomar under korona som me kan ta med oss vidare.

– Derfor eg blei baha’i

Spør ein menneske rundt Thoresen, skildrar dei ho med ord som energisk, engasjert, resurssterk og hardtarbeidande. Eit døme kan vera korleis ho i ti år jobba som sekretær i Aftenposten for å tene til livets opphald. Kveldane og nettene jobba ho frivillig som leiar for nasjonalt åndeleg råd for baha’iane. Sjølv meiner ho det er trua, eller åndskraft som ho sjølv formulerer det, som har gitt ho energi og påfyll, mellom anna gjennom bøn kvar morgon og kveld.

– Men ville du ikkje, uavhengig av bøner eller tru, funne ein måte å få utløp for energi og engasjement?

– Eg har nok alltid hatt det i meg, men eg er glad for at eg gjennom trua har funne ei retning for det. Det var derfor eg blei baha’i, eg ville ha noko meiningsfullt å bruke livet mitt på.