Religion

Slik er dei kristne der du bur

KRISTEN-NORGE: Kor i landet bur dei mest konservative? Ber folk oftare på Sørlandet enn i Nord-Norge? Finn ut korleis kristne vanar og verdiar er på heimplassen din.

Dersom du har lurt på om «bibelbeltet» faktisk finst, eller om Trøndelag er så sekulært som fordommane skal ha det til, kan denne saka kanskje gi deg svar.

Her finn du mellom anna oversikt over kor i landet folk er mest aktive i kyrkja, kor flest går til nattverd og kor dei mest liberale haldningane til abort finst.

Grafane er basert på Den norske kyrkjas medlemsundersøking (data frå 2020), SSB sine nyaste kyrkjestatistikkar (data frå 2019) og KIFO si undersøking om religion i befolkninga («Religion 2019»).

Kven er mest – og minst – aktive i Den norske kyrkja?

Den norske kyrkja (DNK) deler inn medlemmene sine i tre «kategoriar»:

  • Grøn: Dei som trur, og besøker kyrkja ofte.
  • Gul: Dei som er åpne for tru og/eller besøker kyrkja fleire gonger i året.
  • Raud: Dei som er avvisande til tru, som sjeldan eller aldri besøker kyrkja.

Denne grafen viser korleis DNK-medlemmene fordeler seg i dei ulike kategoriane:

Det «kristnaste» området – generelt

Forskingsinstituttet KIFO har stilt heile befolkninga, ikkje berre DNK-medlemmer, spørsmål om dei rekner seg som «bekjennande kristen». Her bur dei som svarar «ja»:

– Det er alltid komplisert å måle tru og ulike typar kristne. Nokon vil meine det finst teologiske grunnar til å ikkje skilje mellom anna enn «kristen» eller «ikkje kristen», fortel forskar ved KIFO Tore Witsø Rafoss.

Likevel har han og forskarkollegar sett at det nyttar å skilje nyansar i kristentrua. Ein kan svare «ja» på at ein er kristen, men «nei» på å vere bekjennande kristen, for eksempel.

– Å kalle seg bekjennande kristen betyr ofte ei tydelegare gudstru og at du er meir aktiv i kyrkja. Dette omgrepet gir meining for mange, fortel Witsø Rafoss.

Kvifor det er slik, kan du lese meir om her.

Så mange er medlemmer av trussamfunn

Folkekyrkja står sterkt på plassar i landet kor ikkje kristentrua nødvendigvis er så sterk. Sjå her kor stor del som er medlem av DNK eller eit anna trussamfunn der du bur.

OBS: Her er det delt inn per fylke, ikkje per bispedømme.

– Mange «bekjennande kristne» er ikkje medlemmer av Den norske kyrkja. På Sør- og Vestlandet er kristentrua sterk, men mange av de kristne her soknar ikkje til Den norske kyrkja, peiker Tore Witsø Rafoss på.

KIFO sine undersøkingar viser at Agder er det eineste fylket i Norge kor meir enn ti prosent av befolkninga er medlemmer av kristne trussamfunn utanom Den norske kyrkja.

– Dette har mange forklaringar, men handlar mellom anna om kor sterkt frikyrkjene og bedehuskulturen står, seier han.

Kor bur det flest som ikkje trur?

Å vere medlem av Den norske kyrkja betyr ikkje nødvendigvis at ein er aktiv i kyrkja, eller kristen. Så stor er den «raude» andelen DNK-medlemmer:

Så mange ber årleg – eller oftare

Halvparten av medlemmene i Den norske kyrkja seier dei ber til Gud.

30 prosent gjer det kvar månad eller oftare, 20 prosent årleg. Men i nokre bispedømme faldar dei hendene oftare enn gjennomsnittet:


Motstand mot abort

I KIFO si undersøking om religion i befolkninga blei denne påstanden sett fram:

«Det er ikke galt at en kvinne tar abort hvis familien har svært lave inntekter og ikke råd til å få flere barn».

Dei som svarar «alltid galt» eller «nesten alltid galt» fordeler seg slik:


Haldningar til likekjønna ekteskap

Til påstanden om at det er «ikkje galt i det heile tatt at vaksne av same kjønn har eit seksuelt forhold», svarte så mange «heilt ueinig» eller «ueinig».


Deler ut mest nattverd per medlem

Den norske kyrkja (DNK) har registrert kor mange som gjekk til nattverd i 2019.

Ser ein på kvart enkelt bispedømme, og reknar det ut frå talet på DNK-medlemmer i det, peiker nokre område seg ut i nattverdsaktivitet:



Norges kristnaste kommune

I haust blei Klepp i Rogaland «kåra» til Norges kristnaste kommune. På dette kartet kan du sjå korleis din kommune slår ut.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion