Sverige og Danmark har TV-gudstenester kvar sundag: – Også eit samfunnsansvar hos NRK
OPPFORDRING: Nabolanda våre sender gudstenester på TV kvar veke – men NRK vil ikkje. – Ganske svakt, seier pressefolk
Sjølv om medieveteran Ragnar Sjølie nyt SVTs sundagsgudstenester, meiner han NRK har ansvar for å ha eit tilsvarande tilbod.
Peter Mydske
Nesten kvar sundag føremiddag riggar medieveteran Ragnar Sjøli seg til framfor TV-en. Klokka 10.00 slår han på den svenske rikskringkastaren, for på SVT2 er det alltid ei gudsteneste å sjå på.
– Det er uproblematisk å sjå ei gudsteneste med svensk språk. Men det er litt ergerleg at ikkje NRK kan prestere å kome med eit slikt tilbod, seier Sjølie.
Etter sundagens sending skreiv Sjølie ei oppmoding til den norske kringkastingssjefen på Facebook: «Altså, Thor Gjermund Eriksen: «Look to Sweden».
Bestill abonnement her
KJØP