Trass gudstenester «i stua»: Færre besøkte kyrkja i 2020
DEN NORSKE KYRKJA: I løpet av koronaåret har færre medlemmer vore innom Den norske kyrkja – inkludert digitale besøk. Gravferder og kulturarrangement fell mest.
BEGRENSA: I Oslo domkirke tok dei grep for å kunne samlast fysisk og halde på smittevernreglane. Kvart sete i benkeradene fekk eit nummer.(Foto: Tuva Skare)
82 prosent av medlemmene i Den norske kyrkja besøkte ei kyrkje i løpet av koronaåret – anten fysisk eller digitalt.
Det er ein nedgang på fem prosent frå året før. I 2019 besøkte 87 prosent kyrkja.
– Det kunne vore grunn til å frykte eit langt større fall i dette talet, i og med at kyrkjer har vore fysisk stengde i periodar gjennom 2020, og vore underlagt talsbegrensningar mykje av resten av året, uttaler leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, i ei pressemelding.
Bestill abonnement her
KJØP