Religion

Ønskjer uavhengig muslimsk samtalepartnar

ÅNDELEG OMSORG: Oslo universitetssjukehus skal tilsette ein muslimsk samtalepartnar. Krav: Søkaren må kome frå eit etablert muslimsk trussamfunn. Kravet får fleire til å reagere.

Oslo universitetssjukehus har fått middel frå Barne- og familiedepartementet for å tilsette ein muslimsk samtalepartnar. Vedkomande skal ha samtaler og kunne tilby religiøse ritual for pasienten og for pårørande. Søknadsfristen gjekk ut denne veka.

Eit krav var at søkaren må vere medlem i eit muslimsk trussamfunn — som kan føre tilsyn med arbeidet vedkomande utfører. I eit innlegg i Aftenposten kritiserer mellom anna spaltist i Vårt Land og høgskulelektor Amina Selimovic frå Høgskulen i Innlandet, dette tilleggskravet.

– Det er særs positivt med opprettinga av ei slik stilling, men vi er mange som ikkje skjøner kva dei har tenkt i forhold til dette kravet. Søkaren burde heller bli vurdert ut frå den kunnskapen og dugleiken søkaren sit med – ikkje ut frå om han eller ho er medlem i eit etablert trussamfunn, seier ho.

---

Samtalepartnar om tru- og livssyn

  • Oslo universitetssjukehus tilbyr samtalepartnarar frå ulike trus- og livssynstradisjonar til pasientar og pårørande. Tilbodet er eit supplement til prestetenesta.
  • Stillinga som muslimsk samtalepartnar vil bli ein del av kollegiet i prestetenesta, men skal samtidig vere i dialog med representantane i samtalepartnartenesta.

---

– Går utover sjølvstendet

Ein reknar med at omkring 25 prosent av muslimar i Noreg ikkje er del av eit etablert trussamfunn. Eit slikt krav ekskluderer mange potensielle søkarar som ikkje finn seg til rette i dei etablerte muslimske trussamfunna i Noreg, meiner ho.

Innleggsforfattarane fryktar at stillingskravet kan gå utover sjølvstendet dei meiner personen i ei slik stilling burde ha. Det finst eit stort mangfald av ulike muslimske miljø i Noreg. Fraksjonane baserer seg på landtilhøyrsle, sunni og shia-retningar, i tillegg til mellom anna Ahmadyyia-rørsla. Sistnemnde blir ofte ekskludert frå dei andre miljøa.

– Om personen ikkje tilhøyrer eit etablert trussamfunn reduserer ein risikoen for at personen blir flaggpost for eit bestemt miljø, seier Selimovic.

Ho stussar seg også over at ein ønskjer at trussamfunnet skal føre tilsyn med arbeidet til den tilsette. Ho oppfattar at ein baserer seg på tanken om at moskear i Noreg har ein liknande organisasjonsstruktur som Den norske kyrkja. Leiinga i ein moské består ikkje alltid av teologisk kvalifiserte personar, men kan bestå av lekmenn, forklarer ho.

– Kva inneber eit slikt tilsyn? Og kven skal så gjere tilsyn av dette tilsynsorganet? spør Selimovic.

Held på ei tilsynsordning

Sjukehuset har tatt imot 49 søknadar. Brorparten av dei er knytte til eit trussamfunn. Det fortel stillingsansvarleg og leiar for prestetenesta ved Oslo universitetssjukehus, Harald Nydal.

– Eg tenkjer at dette handlar om at personen har gode nok høve for å utøve sin religiøse praksis. Vi tenkjer tilsyn som ei form for støtte og moglegheit for oppmuntring frå nokon i same tradisjon.

– Dokker valde ikkje å overføre «prestekravet» ved at personen må vere imam. Kvifor må ein då halde på kravet om medlemskap i eit trussamfunn?

– Vi har valt å halde på medlemskap fordi vi tenkjer at religiøse ritual ikkje blir gjorde på eiga hand. Av respekt for søkaren tenkjer vi at det er best å kunne drøfte denne praksisen med andre som står i den same tradisjonen. Stillinga ekskluderer rett nok dei som ikkje er muslimar og dei som ikkje er del av eit trusamfunn, men vi har tenkt at vi har gått ut så breitt som mogleg, samtidig som vi har ønskt å skape gode rammer for søkaren.

Søkaren burde heller bli vurdert ut frå den kunnskapen og dugleiken søkaren sit med – ikkje ut frå om han eller ho er medlem i eit etablert trussamfunn.

—  Amina Selimovic

– Vil forverre situasjonen for skeive

Mange av dei som ikkje finn seg til rette i dei etablerte muslimske trussamfunna kan vere feministar, skeive og/eller unge muslimar. Assisterande generalsekretær i Salam, Thee Yezen Al-Obaide, er medforfattar bak innlegget i Aftenposten.

– Ein skeiv, muslimsk pasient vil ikkje kunne få stadfesting for sin identitet i møte med ein samtaleterapeut som er vald ut frå eit slikt krav. Det vil forverre ein allereie vanskeleg situasjon for ein slik pasient.

Salam

Harald Nydal meiner det ikkje vil vere rom for diskriminering eller sekteriske utfordringar knytt til stillinga. Det er overordna verdiar og krav frå helseinstitusjonen som

Det medfører plikta om å halde seg likt til dei som spør etter ei slik teneste, uavhengig av blant anna trusretning, kjønn, seksuell legning, kjønnsuttrykk, understrekar han.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion