Religion

Arktisk sjamansirkel reagerer på «Qanon-sjamanen»: – Fullstendig misbruk av urfolk sine kulturelle særtrekk

SJAMANISME: Etter storminga av Capitol Hill meiner Arktisk sjamansirkel at pressa misbrukar omgrepet “sjaman”. – Det blir som å kalle ein vranglærar for ein prest, seier styreleiar for organisasjonen.

Den valdelege storminga av Capitol Hill, kor store folkemengder brøyt seg inn i den amerikanske kongressen og 5 menneske mista livet, sjokkerte store delar av verda.

Mannen utkledd med horn i bar overkropp, Jake Angeli, blei raskt utpeika som eit symbol og leiarfigur for storminga. Med norrønsk-inspirerte tatoveringar og kledd i eit hovudplagg knytt til det amerikanske urfolket, fekk han av ei rekkje internasjonale og norske medium tilnamnet «Qanon-sjamanen».

Det er nyttinga av ordet sjaman i denne konteksten Arktisk sjamansirkel reagerer på. Pressemeldinga blei send måndag.

Kan samanliknast med rasisme

Omgrepet sjaman stammer frå vestleg forsking si omtale av åndeleg praksis i nord- og sentralasiatiske folkeslag. I dag har omgrepet også blitt nytta for å omtale liknande praksisar hjå andre folkeslag.

Styreleiar i Arktisk sjamansirkel Eirik Myrhaug fortel at mange i vår tid har tatt i bruk omgrepet for å vise til slik åndeleg praksis. Når aviser og nyheitsmedium då misbrukar omgrepet skapar det eit feilaktig bilde av kva slik åndeleg praksis er. Myrhaug merker seg at enkelte nyheitsmedium har brukt hermeteikn omkring omgrepet. Det er ikkje nok, meiner han.

– Det blir som å kalle ein vranglærar for ein prest, seier Myrhaug.

Organisasjonen meiner misbruken av omgrepet er i strid med rettslege og presseetiske prinsipp. I innlegget til Arktisk sjamansirkel trekker dei liner til hersketeknikken og rasismen norske styresmakter påførte samane med fornorskingspolitikken på 1900-talet. Han opplever at hans samiske tradisjonar blir håna.

– Misbruken medfører ei stempling og mistenkeleggjering av samiske og andre urfolk sine åndelege tradisjonar. Det blir eit hån, fortel han.

Misbrukar urfolk sine tradisjonar for eiga vinning

Mannen som har blitt omtala som «Qanon-sjamanen», Jake Angeli, blei i 2019 først omtala av eit nyheitsmedium som “praktiserande sjaman” i samband med ein klimademonstrasjon i Arizona i 2019. Han har sjølv uttala at han nyttar drakta for å tiltrekke seg merksemd idet han talar om rørsla og konspirasjonsteorien kjend som «Qanon».

Hjelmen med horn som mannen nytta i storminga har av mange blitt referert til som eit vikingsymbol. Det er feil, seier Myrhaug og viser til at det er henta frå amerikanske urfolk sine tradisjonar. Myrhaug retter sterk kritikk mot korleis mannen nyttar symbol og praksisar frå tradisjonane til urfolk for å tiltrekke seg merksemd for rørsla.

– Det er ein fullstendig misbruk av urfolk sine kulturelle særtrekk, seier Myrhaug.


Arktisk sjamansirkel har nå sendt ut pressemelding om hvordan pressen har misbrukt ordet "sjaman" som symbol på...

Posted by Arktisk sjamansirkel - foreningen on Monday, January 18, 2021

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion