Religion

Utdanningane fryktar for faglegheita i presteyrket – åtvarar mot å hoppe over studiet

TEOLOGI: Lærestadene har måtta gi unntak frå regelverket for å la personar utan teologiutdanning få bli prestar likevel. No støttar dei å skjerpe fleire krav.

Personar med «særskilde kvalifikasjonar» har kunna få unntak frå ein del krav til teologiutdanning for å kunne bli prest likevel. No har eit utval i Den norske kyrkja føreslått at den faglege tyngden skal bli tydelegare framover.

For vikarprest Roar Herlof Storjord i Beiarn i Nordland er utdanninga ein hump i vegen til ordinasjon. Sjølv om han blei godkjent for sine mange år som pastor i frikyrkja, og vikarprest, risikerer han å måtte ta meir utdanning enn det eine året han blei førespegla.

– Eg føler meg som ein spedalsk ved Samarias port, som ikkje får sleppe inn, seier vikarpresten.

– Må tenke på pensjonen allereie

58-åringen er ivrig etter å kome i gang, etter ein lang søkeprosess.

– Eg opplever at eg har såpass mange år på baken at eg er klar for å bruke dei siste åra i yrkeslivet som prest, fortel han.

Beskjeden frå lærestadene var at han truleg måtte sjå syn på tre-fire år meir med utdanning.

– Då må eg jo begynne å tenke på pensjonen allereie før eg har fått starta i jobben, seier Herlof Storjord.

Forslaget til nye krav for prestar er enno ikkje vedtatt, og skal ikkje ha tilbakevirkande kraft. Storjord har så smått byrja å få positive signal frå ein studiestad om å kunne begynne praktikum.

NESTEN-PREST: Roar Herlof Storjord gjer seg klar til sundagens gudsteneste i Beiarn kirke. Han blei vigsla til prest i Den evangelisk-lutherske frikyrkja for 30 år sidan, og håpar å kunne jobbe sine siste år i Den norske kyrkja.

Master-unntak kan bli vanskeleg

– Utdanningsstadene kan ikkje kaste alle kvalifikasjonskrav på båten sjølv om kyrkja er inne i ei akutt krise, seier Tomas Sundnes Drønen, dekan for Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag ved VID.

Han og dei andre lærestadene synest kyrkja kan tillate seg is i magen, og ikkje forhaste det faglege løpet, trass rekrutteringsproblema.

– Ei klarare ordning vil kunne gi stødigare rekruttering i framtida, seier VID-dekanen.

I dag finst det to unntak frå den praktisk-teologiske utdanninga for å kunne bli prest. «Andrekarriere»-kandidatar kan søke Den norske kyrkjas evalueringsnemnd etter to paragrafar – tilsvarande kompetanse (paragraf 5, masterutdanning) eller særskilde kvalifikasjonar (paragraf 6).

Spesielt har paragraf 6 skapt utfordringar. Delar av den praktisk-teologiske utdanninga er på mastergradsnivå, men nokre av dei som har fått hoppe rett til siste studiedel, har ikkje bachelorgrad i botn. Etter dagens regelverk er dei eigentleg ikkje kvalifiserte til det avsluttande semesteret.

---

Forslag til nye kvalifikasjonskrav:

  • Eit utval i Den norske kyrkja har føreslått nye krav for prestar.
  • Det blir mellom anna føreslått å skrote nemnda som dagens kandidatar som vil bli prest utan cand.theol.-utdanning må bli godkjent gjennom. Skal det gjerast unntak, må lærestadene gi dette.
  • Skal ein få anna utdanning godkjent, må 120 av studiepoenga vere i teologi.

---

Har gitt unntak – no kan det bli slutt

«Lærestedene har så langt løst dette ved å gi unntak, men dette er en praksis som ikke vil kunne fortsette. Etter all sannsynlighet vil personer uten bachelorgrad i fremtiden ikke kunne ta eksamen på linje med de øvrige studentene», skriv utvalet som har lagt fram forslag til nye krav for prestar.

Dei norske lærestadene med teologiutdanning er uroa for at dette kan gå ut over den faglege tyngden i presteyrket. Fleire stiller spørsmål ved om desse unntaks-kandidatane er kvalifiserte til å ta det siste året, og om kyrkja er tjent med prestar som har fått hoppe over viktige fag.

– Eg trur fleire av dei nye, tydelegare krava som er foreslått, er med på å bygge kyrkje. Det er jo målet, seier TF-dekan Aud Tønnessen.

Utdanningane stiller seg i stor grad bak dei nye krava som blir føreslått. Eit av dei er at studiepoenga til dei med «tilsvarande kompetanse» må innehalde minst 120 i teologi.

Nyvalgt dekan ved TF sier det er viktig å snakke opp presteyrket, og vise hvor stor og vktig rolle presten ofte har i samfunnet.

Dette seier dei andre lærestadene

Teologisk fakultet (TF) ved universitetet i Oslo:

– Ved å investere i å få flest mogleg gjennom eit teologisk løp, vil ein få kandidatar som er trygge i den faglege og kyrkjelege tradisjonen, og kan føre den vidare. Samtidig vil dei kunne utøve kritikk og kan bidra til å fornye den, seier Aud Tønnessen, dekan ved Teologisk fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo.

Skiljet mellom seksårig universitetsutdanna prestar, og gruppa av særskilt kvalifiserte, er ei utfordring, ser ho.

– Det handlar ikkje om at desse ikkje er motiverte og dyktige. Men å ta fag på masternivå har både regelverk og faglege føresetnadar knytt til seg, seier Tønnessen.

MF vitenskapelig høgskole trur dei nye, tydelegare krava vil gjere den alternative prestevegen enklare å forhalde seg til, og nytte tida betre enn prosessen gjennom nemnda.

– Då kan ein i staden planlegge løp med fag som er særleg verdifulle for tenesta, seier studiedirektør Hilde Brekke Møller.

– Baksida av nemndsystemet har vore at ein risikerer å bli avslått på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av kven ein er. Me rekner med at fleire vil vurdere vegen til presteteneste med desse forslaga, seier Brekke Møller.

I likskap med dei andre, stussar NLA Høgskolen ved at vurderingar av kvalifikasjonar no dels ligg hos kyrkja. Vurderinga av kva som tilsvarar ei utdanning, er vanleg blir gjort av ein utdanningsinstitusjon.

– Unntak frå fag i utdanninga, om det ikkje er tilstrekkeleg forankra, kan kanskje undergrave det faglege nivået til presteyrket på lengre sikt. Om presten skal vere aktuell i kunnskapssamfunnet, og utøve fagleg leiarskap, trengs ein skikkeleg basis, seier Gunnar Innerdal, avdelingsleiar for teologi, religion og filosofi ved NLA.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion