Vil ha opnare samtale om sex og begjær
AKTUELL BOK: Teologen Jan-Olav Henriksen ønskjer å hjelpe folk til eit betre liv. Då spelar seksualiteten ei vesentleg rolle.
Teologiprofessor Jan Olav Henriksen er aktuell med ei ny bok som tar for seg sex, sårbarheit, begjær og kristen tru.
Tuva Skare
– Religion rører ved noko av det djupaste i oss, og det gjer seksualitet og samliv også, seier teologiprofessor Jan-Olav Henriksen.
For nokre år sidan blei han konfrontert med ein biologisk måte å forstå religion på under eit forskingsopphald i USA. Ifølge biologane og antropologane i den tverrfaglege forskingsgruppa handlar religion om å føre genane sine vidare og sikre overleving for menneskearten. For Henriksen var det provoserande. Men han måtte tenke gjennom nokre problemstillingar på nytt.
No er han aktuell med boka Begjær, sårbarhet og tro, der han skriv om fleire problemstillingar knytt til sex og religion. Han ser på boka som ein fagleg informert kommentar til tematikkar som har vore framme i det offentlege.
Bestill abonnement her
KJØP