Engelske kyrkjer stengde heile november
Kyrkja vil framleis bringe lys og håp i ei usikker tid.
Britain's Queen Elizabeth arrives for a church service at St Peter and St Paul church, in West Newton, England, Sunday, Feb. 2, 2020. (Joe Giddens/PA via AP)
Joe Giddens
Frå og med torsdag blir alle kyrkjer i Storbritannia stengde i ein månad på grunn av den raskt tiltakande koronasmittesituasjonen i landet. Gudstenester blir med andre ord forbodne. Det einaste som framleis vil vere lov å gjennomføre, er gravferder med maksimalt 30 frammøtte.
Forbodet rammar også andre trussamfunn, og religiøse grupper i England er sterkt kritiske til forbodet frå regjeringa. Fleire meiner at forbodet skaper meir liding blant dei truande, og peiker på at smittevernreglane i kyrkjene har vore overhaldne på ein ansvarleg måte til no.
– Vi ikkje sett eit einaste prov på at forbod mot gudstenester, med den menneskeleg kostnaden dette inneberer, spelar ei produktiv rolle i kampen mot viruset, seier kardinal Vincent Nichols og erkebiskop Malmcolm McMahon frå det katolske bispemøtet, ifølgje BBC.
Bestill abonnement her
KJØP