Religion

Kristin Gunleiksrud Raaum fekk fornya tillit – held fram som leiar for Kyrkjerådet

Eit fleirtal på Kyrkjemøtet har talt: Sitjande leiar Kristin Gunleiksrud Raaum får to nye år som kyrkjerådsleiar.

Kristin Gunleiksrud Raaum har fått fornya tillit, og skal leie Kyrkjerådet dei neste to åra. Det blei vedtatt under Kyrkjemøtet, kyrkjas «Storting», i Trondheim fredag ettermiddag.

– Eg tar det aldri for gitt, og eg takkar dykk for tilliten. Eg skal vere ein leiar for dykk alle, og lovar å stå på kvar einaste dag dei neste to åra, sa ho frå talarstolen.

– Dette er stort. Litt i overkant stort. Tusen takk, alle saman, sa ein tydeleg rørt Gunleiksrud Raaum.

Ho blei utfordra av Erling Birkedal og Jo Hedberg. Det var i forkant knytt stor spenning til kven som kom til å få flest stemmer. Slik blei resultatet:

• Kristin Gunleiksrud Raaum (Åpen folkekirke): 71 stemmer

• Erling Birkedal (Nominasjonslista): 36 stemmer

• Jo Hedberg (Bønnelista): 8 stemmer

LES OGSÅ: Kyrkjemøtet. Kyrkjeråd. Kyrkjerådsleiar. Bispemøtet. Slit du med å henge med? Her får du svar

Kirkemøtet 2020, fredag 9. oktober 2020.

Erling Birkedal stilte òg til leiarval for Kyrkjerådet. Foto: Ole Martin Wold / Den norske kyrkja.

Motkandidat: – Forståeleg

– Eg vil gratulere Kristin med valet, seier Erling Birkedal frå Nominasjonslista til Vårt Land etter valet.

Han er ikkje overraska over at så mange ville støtte ein leiar som mange meiner har gjort ein god jobb. Årets val er det første kor tre personar frå tre lister har stilt til leiarval mot kvarandre.

– Eg tar det ikkje som eit personleg nederlag. Eg ville gjerne blitt valt, og fått dette ansvaret, men det er forståeleg at mange tilsette støttar opp om ein sitjande leiar som vil gå vidare med arbeidet, seier han.

Kristin Gunleiksrud Raaum går no inn i sin tredje periode som kyrkjerådsleiar. I sitt innlegg før avstemminga peikte hi på at det ansvaret ikkje berre er enkelt:

– Eg synest ikkje det er lett å vere kyrkjerådsleiar. Eg føler meg ofte utilstrekkeleg, men det er eit meiningsfullt og ansvarstungt arbeid.

– Det handlar om å våge å lene seg på dei rundt ein. Eg har eit breitt samansett og klokt råd med meg, sa kyrkjerådsleiaren.

###

Valt leiar Kristin Gunleiksrud Raaum og motkandidat Jo Hedberg. Foto: Ole Martin Wold / Den norske kyrkja.

Fornya tillit også i Mellomkyrkjeleg råd

På same møte blei Kristine Sandmæl valt til å halde fram som leiar for Mellomkyrkjeleg råd – ei rolle ho har hatt i fire år allereie. 82 delegatar stemte på ho.

– Dialog og gjensidig respekt blir viktigare og viktigare, og eg er motivert for ein ny periode som leiar for kyrkjas mest spennande råd, sa Sandmæl i sitt innlegg.

Ho blei utfordra av Jostein Ådna og Magne Hersvik, begge frå Stavanger bispedømme.

Kirkemøtet 2020, fredag 9. oktober 2020.

Kristine Sandmæl, nyvalt leiar for Mellomkyrkjeleg råd. Foto: Ole Martin Wold / Den norske kyrkja.

Innstilt kandidat Sara Ellen Anne Eira (biletet) blei valt til leiar for Samisk kyrkjeråd.

Kirkemøtet 2020, fredag 9. oktober 2020.

Foto: Ole Martin Wold / Den norske kyrkja.

LES ÒG:

• Åtvara Kyrkjemøtet mot respektlaus debatt: – Me må lytte til kvarandre

Sjå debatten: Skal prestar kunne reservere seg mot kollegaer?

 Trur Farmen-presten vil vekke folks interesse for dåp

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion