Religion

Tro & Medier lanserer nettkurs om porno – vil hjelpe kristne

Tro & Medier lanserer eit nytt nettkurs for å hjelpa pornoavhengige. – Det er eit kjempebehov for denne typen undervisning i kristne miljø, seier Alexis Lundh.

– Dette er eit kurs som tar deg på ei reise inn mot å kunna leva i fridom frå pornografi. Vi har sett behovet for eit slikt kurs lenge, seier Alexis Lundh som er leiar for Helt Fri, Tro & Mediers plattform for kompetanse og kunnskapsformidling om skadeverknadene til pornografien.

Kurset består av seks videoar som ifølgje Lundh kan sjåast på eigenhand eller gåast gjennom i ei gruppe.

– Dei ulike bolkane inneheld viktige element for å komma fri frå pornoavhengnad. Dette er ein prosess mange finn vanskeleg. Vi har god erfaring med å snakka om dette i felt og veit at det er stor etterspørsel etter meir, seier han.

• LES MEIR: Flere unge kristne står fram som pornoavhengige: – Kjenner seg fanget

Fullbooka seminar

Lundh har dei siste åra reist land og strand med seminar og foredrag om pornografi i regi av Helt Fri.

– Vi får mange spørsmål om korleis ein kan komma seg ut av det folk sjølv kallar ein avhengnad til pornografi. Derfor har vi tatt delar frå denne undervisninga og laga ulike videoar til eit nettkurs, seier han til Kristelig Pressekontor.

Nyleg har Helt Fri tilsett ein person til som skal reisa rundt med undervisning og formidling om skadeverknadene til pornoen.

– Vi rekk ikkje over alt og er stort sett fullbooka. Pornografien et om seg og vi forventar ein auke i etterspørselen då unge no enkelt har ein inngang til porno gjennom sosiale medium og dataspel. Her har vi eit ansvar som vaksne og som kristne, seier Lundh.

Viktig i kristne miljø

Lundh meiner det er eit kjempebehov for undervisning om pornografi i kristne miljø.

– Desse problema går gjerne under radaren her. Det er mange som slit med det no, eller har hatt ei fortid dei ikkje har tatt eit ordentleg oppgjer med, seier han.

Kurset er òg vinkla inn mot den kristne trua.

– Porno lyg om seksualitet. Når vi les bibelen og set seksualiteten inn i ei ramme som handlar om å gi og ikkje ta, får vi ein heilt annan inngang til å snakka om han, seier Lundh.

Han trur òg at det finst eit ekstra lag av skam blant pornoavhengige som er kristne.

– Det er knytt stor skam til dette. Det er jo i konflikt med alt vi trur på når det gjeld menneskeverd og seksualitet. Vi bruker ein heil bolk på å snakka om skam. Skamma trivst ikkje der ho blir sett ord på, seier Helt Fri-leiaren.

• LES MEIR: Fortalte om egen pornobruk – skal lede kristent skolearbeid

Tilbyr e-coach og anonymitet

I tillegg til videoane, som ligg gratis og ope tilgjengeleg på Tro & Mediers plattformer HeltFri.net og omGud.net, tilbyr organisasjonen deltakarar som ønsker det å bli kopla på ein e-coach.

– E-coachen er ikkje ein profesjonell terapeut, men ein person som kan komma med råd og vera ein medvandrar for den som ønsker å bli fri frå pornoavhengnaden, fortel Lundh.

Han legg til at deltakarar kan velja å vera heilt anonyme sjølv om dei ønsker ein slik medvandrar.

– Dette er eit felt der vi ønsker å vera varsame. Vi er ikkje fagfolk, det er vi tydelege på, men vi ønsker å formidla ei betre historie.

– Ikkje noko nytt

Lundh påpeikar at dette med skadeleg lyst ikkje er noko nytt.

– Det er berre å lesa bibelen det, så finn du mange døme på dette. Men vi prøver å setja det inn i samtida og gi ein veg ut, seier han.

Han håper mannsgrupper, kyrkjelydar og andre kristne forsamlingar vil nytta seg av nettkurset.

– Det er få som har sett seg inn i dette. Det er jo ikkje akkurat eit spesielt oppmuntrande landskap å gå i, men vi trur det er viktig, avsluttar han.

LES MEIR: 

Kristenledere fikk hjelp mot pornoavhengighet

NLM-leder i VGTV-serie: – Homoterapi er et fremmed begrep i norsk kontekst

• Kristne skal få hjelp til å komme ut av pornoavhengighet

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion