Religion

Får endeleg undervisa i «Bare Bibel»

Gå Ut Senteret fekk julegåva på forskot i år då Kunnskapsdepartementet godkjente bibelkunnskapslinja Bare Bibel som vart avvist av Utdanningsdirektoratet i vår.

Onsdag 18. desember kom avgjerda Gå Ut Senteret (GUS) og rektor Ørjan Tinnen har venta på sidan april.

Den gong fekk Gå Ut Senteret avslag på søknaden sin til Utdanningsdirektoratet (Udir) om den planlagde bibelkunnskapslinja Bare Bibel. Avslaget vart halde oppe etter klage frå skulen som tok saka vidare til Kunnskapsdepartementet. Dei har no behandla anka og har godkjent linja.

– Vi er veldig glad etter det som har vore ein kjempelang prosess, seier ein letta rektor til Kristelig Pressekontor.

– Vi ønsker å utrusta unge menneske med bibelkunnskap og til å formidla Bibelens bodskap. Studentane på Bare bibel skal få full gjennomgang av heile Bibelen i løpet av skuleåret. Det er ei avgjerande oppgåve i vår tid å formidla innhaldet i trua på ein måte som gjer at nye generasjonar forstår kva den går ut på, seier Tinnen.

• LES MEIR: Bibelskule fekk nei til ny linje: For mykje bibel

Startar inntak

Bare bibel skal vera eit svar på behovet for auka kjennskap til bibelen, der elevane skal bruka skuleåret på å gå gjennom alle Bibelens bøker frå perm til perm. Linja hadde alt 17 søkarar i april i år og skulle etter planen starta hausten 2019. Men med tidsramma for klagebehandlinga vart dette umogleg. No kan GUS endeleg ønske potensielle studentar velkommen til å søka.

– No startar vi med inntak for neste skuleår. Vi har alt hatt materialet klart lenge, så allereie i dag kan studentar søka om plass, seier Tinnen.

Han meiner Bare Bibel har fått modna seg og at mange har visst om det og vist interesse.

– Eg trur både tidlegare søkarar og nye studentar kan vera aktuelle for dette studiet neste år. Her må både vi og andre som er glade i Bibelen gjera ein jobb for å gjera studiet kjent. Vi håper vi får ein god gjeng til oppstart neste haust.

Yrkesretta

Det opphavlege avslaget var grunngitt med at tilbodet ikkje var tilstrekkeleg yrkesretta. Då søknaden om det nye tilbodet vart avslått, reagerte fleire på nyhenda om bibelskulen som ikkje fekk undervisa i heile Bibelen.

– Det er eit overtramp som ikkje viser forståing og respekt for kyrkja og organisasjonane sin eigenart, uttalte stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) til avisa Dagen i juni. Vårt Land svarte med å skriva på leiarplass at Kunnskapsdepartementet burde seia ja.

– Behandlinga søknaden fekk i Utdanningsdirektoratet synest vi var vanskeleg å forstå og vi er veldig glade for at Kunnskapsdepartementet har sett annleis på saka, seier Tinnen.

Også i kyrkje og organisasjonsliv fekk skulen støtta for det nye tilbodet, mellom anna hos Nidaros biskop, Herborg Finnset, Noregs Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Wycliffe Noreg og Acta - barn og unge i Normisjon. Desse fire skreiv kvart sitt brev om behovet for auka bibelkompetanse, som vart vedlagt klaga.

– Vi hadde heilt konkrete utsegner frå arbeidsgivarar som gjekk god for at kurset ville vera yrkesførebuande og relevant for arbeidslivet. Det er viktig for oss å ikkje berre vera ein stad for å tileigna seg kunnskap, men at kunnskapen òg skal kunna nyttast i praksis. Vi har vist at det er eit behov, seier Tinnen.

LES MEIR:

Misjonsskule får flytte til Trondheim

Lutheranere, baptister og pinsevenner samarbeider om teologiutdannelse

Steinar Reiten: «Mer pålitelige medarbeidere enn kristne skal du lete lenge etter»

---

Fakta:

---

Kristelig Pressekontor

Mer fra: Religion