Hadia Tajik: – På tide å snakke om haldningar til skeive i muslimske miljø

HOMOFILI: Stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) meiner tida er moden for at muslimske leiarar ikkje berre tek avstand til vald og drap, men blir med på ei offentleg samtale om haldingar til skeive i muslimske miljø.

Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) avfeier pensjonskritikk fra Høyre som «freidig». Foto: Terje Bendiksby / NTB
HOMOFILI: – Så lenge religion blir brukt som grunngjeving for hat må me ta den grunngjevinga på alvor, seier Hadia Tajik (Ap).
Publisert Sist oppdatert

– Det er gledeleg at ganske mange religiøse representantar kom raskt på banen og tok tydeleg avstand til valden og det som foreløpig ser ut som ei terrorhandling. Men no bør me vera klare for neste skritt: Det er på tide å snakke om haldningar til skeive i muslimske miljø.

Det seier stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) til Vårt Land. Etter masseskytinga i Oslo natt til laurdag har fleire religiøse leiarar gått ut og tatt avstand frå valden. Men fleire har retta kritikk mot kor generelle utsegnene til mellom anna nokon av dei muslimske leiarane har vore.

Islamsk Råd Norge (IRN) skreiv i ei pressemelding måndag at dei fordømer angrepet på det sterkaste og at «IRN tar sterk avstand fra homohat, og står sammen med resten av befolkningen i sorgen. Islam tillater ikke å ta livet av uskyldige mennesker – om de så er homofile eller heterofile.»

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS