Forsker:– 'Frp-språket' har skapt ekstremisme
Retorikken til Frp har bidrege til å skape fleire ekstreme muslimar i Noreg, meiner fagfolk.
Nora Eggen meiner Frp-retorikken bidreg til å gjere «muslimrolla» i Noreg trang, spesielt for unge menneske. – Ein er anten for eller mot, innanfor eller utanfor det gode selskap, seier islamforskaren.
Erlend Berge
– Offentlege aktørar som Frp skaper eit språk, og dermed skaper dei posisjonar. Ein er anten for eller mot, innanfor eller utanfor det gode selskap. Dette gjer «muslimrolla» veldig trang for unge menneske, seier islamforskar Nora Eggen, som sjølv er muslim.
DETTE SVARER FRP: – Meningsløs kritikk
Eggen viser til Frp-utspel som «snikislamisering» og «Alle terroristar er muslimar» som sentrale bidrag til stigmatisering av norske muslimar. Ho blir provosert av utspillet Siv Jensen kom med i etterkant av VG-intervjuet med Profetens Ummah-leiar Ubaydullah Hussain. «Frp har åtvara mot dette lenge», sa Jensen til VG mandag.