Barn som sårt treng ein fristad, kan få sommaren redda. Slik vil regjeringa sikre ferieglede

Utan Røde Kors hadde ikkje Ruzana Jomisko og barna hatt råd til å reise. No skal 150 millionar kroner til frivillige sikre familiar med låg inntekt ein god koronasommar.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad ville høyre korleis Røde Kors skal bruke dei 34 millionane på å treffe låginntektsfamiliar med aktivitetar. Koronaviruset begrensar – men skapar òg nye moglegheiter.
Publisert Sist oppdatert

Me går ei annleis ferietid i møte. Restriksjonar og smittetiltak set ein stoppar for aktivitetar som kunne letta ein tung kvardag.

– Og viss det er nokon gong dei mest sårbare treng å møte andre og få gode opplevingar, så er det no, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han møter Røde Kors i solgløttet på Grønland i Oslo for å høyre kva som kokar på kontoret. Organisasjonen får no 34 millionar kroner til sommaraktivitetar, og planlegg 74 opphald for over 3600 deltakarar – smittefritt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS