Politiet stod oppstilt utanfor Litteraturhuset i Oslo då den danske poeten Yahya Hassan deltok i eit arrangement på Morsmålsdagen fredag ettermiddag. Hassan las frå diktsamlinga si, Digte, som har fått enorm merksemd både i heimlandet Danmark og i resten av Skandinavia etter at ho kom ut i fjor. I etterkant var Hassan med i ein panelsamtale leia av Ali Esbati, der også den samiske joikaren Inga Juuso og den argentinske skodespelaren og forfattaren Veronica Salinas også var med. Temaet for samtalen var språk og identitet.