Film

Vinterberg fekk Nordisk råds filmpris

Rammar inn filmen med kristen dåp.

Den danske regissøren Thomas Vinterberg har fått Nordisk råds filmpris for Submarino. Filmen har splitta kritikarar og publikum, blant anna på grunn av det dystre innhaldet Vinterberg presenterer.

– Utfordringa er å vere så sannferdig som mogleg, utan å bli så mørk at folk støyter filmen frå seg, sa regissøren i eit intervju med Vårt Land under filmfestivalen i Berlin tidlegare i år.

Submarino handlar om to brør som veks opp med ei forfylla mor. Når dei får ein tredje bror, er mora så rusa at ho ikkje klarer å ta hand om babyen. Ansvaret fell på dei unge gutane, som også mislukkast – den vesle babyen døyr. Så hoppar filmen i tid, og vi møter igjen brørne som vaksne. Brørne er komne skeivt ut i livet, på ulikt vis.

– Dei er to menn som kjempar for å komme til overflata, kjempar for å få luft. Ein av dei klarer det, seier Vinterberg.

Dåp og tortur. Tittelen spelar på ein torturmetode der hovudet blir halde under vatn. Samtidig brukar Vinterberg ein kristen dåp – også ei handling med vatn – for å ramme inn historia. Dei to brørne døyper veslebror sin før han døyr.

– Dåpen er den einaste vektlause augeblinken i livet deira, den einaste gongen dei er lukkelege. I dåpen er alt lyst og varmt og vakkert. For meg er det noko heilagt.

– Det er altså eit religiøst aspekt i filmen?

– Ja, og kvar gong brørne møtest i vaksen alder, er det i kyrkja. Det er den heilage grunnen deira då, ein stad kor livet utanfor er mindre viktig.

Narkomane vener. «Livet utanfor» var derimot viktig for Vinterberg under planlegginga av filmen. Fleire av skodespelarane brukte tid saman med tidlegare straffangar og narkomane for å få den rette «tyngda» til rollene sine.

Regissøren tok kontakt med ein gammal klassekamerat som hadde vore på køyret sidan ungdommen.

– Eg er jo ein regissør frå borgarskapet, seier han og smiler.

Vinterberg vaks opp i ein trygg og triveleg dansk heim, utan slike vanskelege familieforhold som mange av filmane hans, frå Festen til Submarino, skildrar.

– Men før eg byrja å lage denne filmen, var eg nyskilt og åleine med borna mine for første gong. Eg ønskte å ta vare på dei på best mogleg måte, og var samtidig redd for å feile. Alle foreldre kjenner vel på ei redsle over å ikkje skulle strekkje til, trur regissøren.

Dopkvardag. I Submarino dreg han denne «ikkje strekkje til»-linja heilt ut: Den eine av brørne er som vaksen blitt avhengig av narkotika, samtidig som han elskar sonen sin, Martin, over alt på jord.

– Martins far eksisterer utelukkande fordi han har ein son og ein bror. Dersom dei var borte, ville han vere død. Difor har han heller ikkje noko anna namn i filmen enn «Martins far». Sjølv om han på mange vis er som eit stort barn.

Vinterberg var ikkje klar over at det fanst så mange narkomane som lever tilsynelatande normale liv med familie. Det vanlege biletet av ein narkoman er ein heimlaus mann på gata. Men då den danske regissøren leste Jonas T. Bengtssons bok Submarino, som filmen byggjer på, vart han interessert i denne tematikken.

– Eg vart fascinert av «normaliteten» i det. At ein treng skota sine eit par gongar om dagen, men at ein elles kan følgje sonen til skulen og alt det der. Eg lærte mykje om skuldkjensle under arbeidet med Submarino, seier Vinterberg.

Tap.Det er interessant korleis du skaper både sympati og avsky for denne narkomane faren. Kva tenkjer du om det?

– Eg synest han er veldig sympatisk. Han står i kampen mellom eit narkotikamisbruk han ikkje kan kontrollere og ein fullstendig lojalitet til sonen. Han tek mange dumme avgjerder, som å selje dop for å sikre sonen ei god framtid. Men eg likar han. Eg synest han prøver så godt han kan.

Han meiner at Skandinavia sidan 1970-talet er blitt institusjonalisert. Barn blir sendt tidleg i barnehagen. Eldre blir sendt på eldreheim. Så går ein på arbeid.

– Familieliv er blitt noko anna enn det var før. Familien din er staten. Familien er ein institusjon. Og det skaper eit tap, seier Thomas Vinterberg.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film