Film

Svart filmhumor med mykje blod

Arme riddere er ekstremvarianten av Coen-brørnes kultklassikar Fargo.

Jo Nesbø er overalt for tida. Stjerneregissør Martin Scorsese skal snart lage spelefilm av boka Snømannen. For ikkje lenge sidan såg vi Morten Tyldums vellukka filmatisering av Hodejegerne. Og no er det Magnus Martens sin tur: Arme riddere er basert på ei upublisert Jo Nesbø-historie.

Slik Nesbø sel bøtter og spann, vil sikkert også denne filmen gå bra på kino. Produsentane i Fantefilm har til og med eit uttalt kommersielt hovudmål om å skape underhaldningsfilm for eit breitt publikum. Likevel er ikkje Arme riddere eit frieri til massane. I god Nesbø-tradisjon har forteljinga så mange dryge og svarthumoristiske scener at filmen kan appellere både til den vanlege kinogjengar og eit over gjennomsnittleg filminteressert publikum.

Ekstrem-Fargo. I mangt verkar han som ekstremvarianten av Joel og Ethan Coens kultklassikar Fargo. I staden for Fargo (ein småby i Nord-Dakota) får vi Halden, men til gjengjeld får vi både den obligatoriske bagen med pengar og ei juletremaskin som må seiast å overgå vedkuttemaskina i Fargo med glitter og glans.

Det morosame er at vi også får Steve Buscemi, iallfall nesten Steve Buscemi, i Kyrre Hellums velspelande skapnad. Hellum spelar den usannsynlege karakteren Oscar Svendsen, som blir arrestert av kriposetterforskar Solør (Henrik Mestad) med sju lik rundt seg og pumpehagle i handa. Kva har skjedd?

Filmen er fortald i retrospektiv, der Oscar prøver å forklare dei sære, grufulle og nokså utruverdige tinga som har skjedd sidan fire halvkriminelle kameratar vann tolv rette i tipping. Premien på 1.739.361 kroner er vanskeleg å dele på fire, og løysinga blir aldri å dra fram kalkulatoren.

Morosamt. Det kanskje aller beste ved filmen er skodespelet til Henrik Mestad. Eg trur han må vere Noregs fremste mannlege skodespelar. Denne gongen spelar han politietterforskar så Dostojevskijs romanfigur Porfirij hadde kjent seg sveitt. Det psykologiske spelet er både intenst og veldig, veldig morosamt.

Mads Ousdal må også nemnast, denne gongen med (u)kledeleg hestehale. Samspelet med Hellum fungerer godt, forholdet mellom rollepersonane er prega av både gamal venskap, frykt og sympati.

Det er mange kvalitetar her, også på musikk- og fotografisida. Likevel blir det for mykje med Arme Riddere, her er ingen bremser på, og det fører til både utmatting og kollisjon. Pornosjappa på Svinesund er i så måte godt eigna til å oppsummere filmen: tvilsam, overlessa og utan etikk. Eventuelt kanskje motsett, for nesten alle som set sin fot innanfor Pink Heaven, døyr.

Ingen kos. Sikkert er det iallfall at denne filmen ikkje sikrar julekos for familien. Her sprutar blodet både titt og ofte, det blir både kuler og spikrar i panna og avhogde hovud og fingrar fungerer som komiske effektar.

Kanskje er det berre meg, men eg er ikkje klar for den slags underhaldning på ei stund. Det blir noko unødvendig rått og brutalt over den svarte humoren i Arme riddere, som om dogmet er at filmen berre blir betre dess lenger ut filmskaparane tek det. Dette strekar under inntrykket av Arme riddere som ein skikkeleg «gutefilm».

Svart humor med mykje blod er det Magnus Martens serverer oss. Eg ville nok heller teke fram den gamle Fargo-DVD-en og sett denne ein gong til.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film