Musikk

Stjerna ingen trudde skulle reise seg att

– Britney Spears viser at det ikkje er over og ut om ein gjer noko dumt, seier kulturhistorikar.

Fredag besøkte Britney Spears (32) Oslo for å promotere sin undertøyskolleksjon «The intimate Britney Spears». Redaktør i ungdomsbladet Topp, Hillevi Forsman, kan opplyse om at besøket av den tidvis kontroversielle stjerna ikkje har vekt stor interesse blant lesarane til bladet hennar. Men ho meiner likevel Britney Spears er blant dei største artistane i verda.

– Ho er eldre enn dei vi skriv om i Topp, så ho har kanskje vekse frå den målgruppa. Men eg er ein stor fan av henne, det har eg vore sidan eg var lita. Og dei siste showa hennar i Las Vegas har solgt kjempebra, sjølv om ho kanskje ikkje er ein av dei største artistane i 2014, seier ho.

Fleire skandalar

Karrieremessig har Britney Spears sitt liv vore som ei berg- og dalbane. Ho slo gjennom som 16-åring med låta «Baby one more time», som tok verda med storm i 1998. Sidan det har ho gitt ut sju album, det siste i 2013. I løpet av desse åra har artisten blitt innlagt fleire gongar, både på grunn av rusmisbruk og psykisk sjukdom. Også personlege forhold har vore turbulente for stjerna. Spears var blant anna gift med barndomsvenen Jason Alexander i 55 timar. Ho gifta seg seinare på nytt, eit ekteskap som varte i tre år.

– Det er nok heller privatlivet enn musikken hennar som får mest merksemd, meiner Forsman.

Topp-redaktøren kjem på fleire døme på skandalar der ho ikkje trudde Spears ville greie å reise seg att etterpå.

– Eg hugsar det biletet der ho slo etter ein paparazzo-fotograf. Det var rett etter at ho hadde klipt av seg alt håret og like før ho blei tvangsinnlagt. Då tenkte eg: Dette går ikkje nødvendigvis bra.

Forsman fortel også om ein opptreden på MTV Music Awards, der Spears tydeleg ikkje var i form.

– Ho greidde knapt å danse på scena, sikkert fordi ho gjekk på pillar på den tida. Det var pinleg. Og det var stygt gjort – tenk at ingen stoppa henne, seier ho.

LES OGSÅ: – Northug vil bli mindre bajas

Låg sjølvtillit

Til trass for skandalane, er Spears framleis ein svært populær artist. Forsman meiner likevel stjerna har endra seg mykje sidan debuten.

– Ho var i utgangspunktet heile verdas favoritt. Nå vrir eg meg i stolen når eg ser henne på TV. Ho er så usikker. Det er tydelig at kritikken har gått inn på henne, meiner ho.

Forsman møtte sjølv stjerna for eit par år sidan.

– Ho strålte ikkje akkurat av sjølvtillit. Det var rett og slett litt stusseleg.

Ho meiner at musikkbransjen verkeleg har køyrt Spears i grøfta.

– Det er fascinerande korleis dei har bygd henne opp. Britney Spears er ikkje kjempeflink til å synge. Det er ikkje nødvendigvis dei største talenta som blir artistar, seier redaktøren.

– Men det var og er mykje pengar i Britney-sekken.

LES OGSÅ: Skrev bok etter at sønnen ble bipolar

– Klassisk barnestjerne

Forsman trur folk har vondt av Spears. Det er kulturhistorikar Guro Flinterud einig i. Flinterud har ein doktorgrad i kjendiskultur. Ho meiner det er snakk om eit klassisk barnestjerne-tilfelle.

– Det er akkurat som det var for Macaulay Culkin, han i «Hjemme alene»-filmane. Først er dei søte, så går det dårleg, så blir denne situasjonen dradd ut, før vi igjen får fornya sympati for dei. Pendelen svingar, forklarar ho.

Spears har vore open om sine psykiske lidingar, noko Forsman trur har verka positivt.

– Vi har sett at ting verkeleg har gått til helvete. Ingen ler av det. Ho blei sjuk, og ho fekk kanskje ikkje den hjelpa ho trengde, seier ho.

Flinterud meiner Spears har kasta seg på ein openheitstrend vi har sett dei siste åra.

– Vi har sett ein trend i det å gå ut og opne seg, å snakke ut. Det går inn i ein måte folk snakkar om kjendisar på i dag, seier ho.

LES OGSÅ: Det store fallet

– Ikkje perfekt

Sjølv om ho er stor fan av Spears, tykkjer Forsman det er vanskeleg å identifisere seg med henne.

– For meg er ho nesten ikkje eit menneske. Ho er ikkje nokon eg samanliknar med meg, seier ho.

Samtidig trur ho at Spears er ein artist som mange kan kjenne seg igjen i.

– Ho er ikkje ei perfekt stjerne. Ho viser kanskje at det ikkje er over og ut om ein gjer noko dumt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk