Kultur

Stilfull Sting avslutta Norwegian Wood

Sting har framleis stemmen til Sigvart Dagsland og fysikken til Erik Thorstvedt.

Anmeldelse: Det er eit ganske vanleg synspunkt at Sting er over middagshøgda. Det er lenge sidan han fekk det internasjonale gjennombrotet sitt med det britiske nybølgjebandet The Police, og lenge sidan han brukte gul genser med svarte striper på konsert (det var slik Gordon Matthew Thomas Sumner fekk artistnamnet Sting).

Likevel ville det vere feil å avskrive 60-åringen fullstendig. Til det var konserten i Frognerbadet søndag kveld for god. Igjennom alle åra som artist har Sting skrive ei lang rekkje glimrande låtar. Artisten som for mange er kjent spesielt for «Every breath you take» og «Fields of Gold», er framleis inspirert. Og han forvaltar gull.

Overbevisande. Framtoninga var mykje betre på Norwegian Wood enn til dømes på Moldejazzen for nokre år sidan, då artisten var mest oppteken av sonen han hadde med seg på scena. Denne gongen var det både trøkk og dynamikk frå første stund. Vokalen var overbevisande, og basspelinga full av energi. Det er då ein grip seg i å tenke at Sting framleis har stemmen til Sigvart Dagsland og fysikken til Erik Thorstvedt, utan samanlikning elles.

Sting spelte relativt mange låtar frå Police-perioden under konserten søndag kveld. Nesten halvparten av låtane var henta derifrå, frå «Every Little Thing She Does is Magic» og «Demolition Man» til «Message in a Bottle» og «Every Breath You Take».

Allsong. Stor stemning og allsong blant publikum vart det på låten «Englishman in New York» frå 1987-albumet ... Nothing Like the Sun. Andre populære Sting-hitar var «Seven Days», «Fields of Gold» og «Shape of my Heart».

Sting hadde med seg den dyktige gitaristen Dominic Miller og den tidlegare Frank Zappa-trommisen Vinnie Colaiuta, som saman med David Sancious på tangentar og Jo Lawry på bakgrunnsvokal skapte eit fjellstøtt lydbilete. Den aller mest virtuose var kanskje Peter Tickell på fiolin, som særleg slo seg laus på «Driven to Tears» og «Love is Stronger Than Justice».

Sting overraska positivt på Norwegian Wood, og var både meir energisk og meir stilfull enn på lenge.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur