Kultur

Sterk film om gudstru

Andreasprisvinnaren Om guder og mennesker handlar om kristen tru i møte med islam. Det er eit spennande møte.

Om guder og mennesker er ei filmatisering av ei sann historie frå 1996, då eit kristent munkekloster i Algerie blei utsett for overgrep av valdelege jihadistar. Men filmen legg nettopp ikkje opp til frontkollisjon mellom desse to verdsreligionane, sjølv om dei kristne trappistmunkane i filmen blir trua på livet av muslimske ekstremistar. Munkane viser heile tida djup respekt for islam som trussystem.

Filmen, som vi kanskje kan kalle for ein halvdokumentarisk spelefilm, fekk den økumeniske Andreasprisen i Haugesund tidlegare i år. Den same prisen fekk han i Cannes, i tillegg til Juryens stor pris (Grand Prix). Han blei også vald til fransk Oscar-kandidat.

LES OGSÅ: Nydelig film om tro og offer

Spennande møte. Det økumeniske – altså det som går på tverrkyrkjeleg forståing og samarbeid – går hand i hand med det interreligiøse i denne filmen. For kva handlar Om guder og mennesker om? Det er rett og slett ein film om kristen tru i møte med islam. Og det er eit spennande møte.

Munkane har nær og god kontakt med den muslimske lokalbefolkninga rundt klosteret også i etterkant av at dei blir trua av ekstremistane. Så langt går den eine munken i si positive forståing av islam at filmen godt kunne ha heitt Om Gud og mennesker, ikkje Om guder og mennesker.

Pressa gudstru. Den franske regissøren Xavier Beauvois har laga ein film som både handlar om Gud og om menneske, om korleis gudstrua kan bli pressa, men likevel stå fast i svært vanskelege menneskelege situasjonar. Munkane må ta stilling til om dei skal bli verande i eit kloster der dei når som helst risikerer å miste livet. Utan å overdramatisere, viser regissøren oss den enorme indre kampen som utspelar seg i kvar enkelt av munkane, og gir oss innblikk i det sterke fellesskapet mellom dei. Samtidig skildrar filmen også dei daglege rutinene og gjeremåla i klosteret på interessant vis.

Livskall. Då eg delte ut Andreasprisen til Om guder og mennesker i Haugesund i august, gav eg denne grunngjevinga for tildelinga:

«Filmen utforskar religiøs, politisk og humanistisk overbevising på eit fascinerande og tankemedrivande vis. Regissøren spekulerer aldri i det dramatiske emnet, men byggjer filmen opp i tråd med miljøet han skildrar. Han er med andre ord meditativ, utan å bli kjedeleg.

Filmen har både godt skodespel, framragande fotografering og effektiv bruk av musikk. Om guder og mennesker krinsar rundt det store spørsmålet om kva vi som menneske er meint å vere. Kva er eit livskall? Kva er vi villige til å ofre?

Filmen går i store dialogar – mellom menneske, og mellom religionane. Likevel mister han aldri det nære av syne. Om guder og mennesker er eit sterkt og underspelt drama som set indre avtrykk.»

TIDLIGERE ANDREASPRISVINNERE:

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur