Film

Spelar både Jesus og Satan i same film

Ewan McGregor med heftig dobbeltrolle.

Den skotske skodespelaren Ewan McGregor har litt av ei dobbeltrolle i den kommande filmen Last Days in the Desert. Han spelar nemleg både Jesus og Satan, i ein film som byggjer på Bibelens forteljing om Jesus som vart freista av djevelen i øydemarka. Etter at Jesus har fasta i 40 døgn, prøver djevelen å få Guds son til å lage brød av steinar, kaste seg utfor tempelmuren og bli fanga opp av englar, og tilbe djevelen i bytte for alle rika i verda.

Den colombianske regissøren Rodrigo García har både manus og regi på filmen, som får premiere under Sundance-festivalen i USA i januar.

Følg oss på Facebook og Twitter

Kjent Jesus-look

Ifølgje The Guardian minner McGregors Jesus både om biletet vi har av han frå barnebiblar, samt Jim Caviezels Jesus frå The Passion of The Christ. Skodespelarane Tye Sheridan, Ciaran Hinds og Ayelet Zurer har også roller i filmen.

LES OGSÅ: Bibelsk popkultur

Mange bibelfilmar

Last Days in the Desert er den nyaste filmen i det som er blitt omtalt som Hollywoods bibelbølgje. Andre filmar i denne bølgja er Darren Aronofskys Noah, som Vårt Land gav god kritikk tidlegare i år, Randall Wallaces Heaven is for Real og den snart premiereklare Moses-filmen til Ridley Scott, Exodus: Gods and kings, med Russell Crowe i hovudrolla som Moses.

Regissør Rodrigo García er sonen til den kjente forfattaren Gabriel García Márquez. Som regissør er Garcìa mellom anna kjent for TV-seriane «In Treatment» og «Six feet under», og for filmane Nine Lives (2005), Mother and Child (2009) og Albert Nobbs (2011). Sistnemnte fekk tre Oscar-nominasjonar.

LES OGSÅ: Film om himmelen blir for enkel og banal

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film