Bøker

Slektsgransking er ny skjønnlitterær tendens

Karl Ove Knausgård vart høgdepunktet for den biografiske trenden i skjønnlitteraturen. No ser vi ein ny tendens: Forfattarane vender seg mot si eiga slektshistorie.

KOMMENTAR: Slektshistorie er forunderleg interessant. Det finst mange av oss som har fått ein ny vår i slektsgranskinga ved å ta i bruk digitale hjelpemiddel på internett. Oppslag i gamle kyrkjebøker går som ein leik. Og ofte skjuler slekta både ei og fleire overraskingar.

Forfattarane er ikkje annleis. Å grave djupt i eiga slektshistorie viser seg å vere glimrande litterært stoff. Kanskje er det likevel først i haust vi ser at vendinga mot slektshistoria er blitt ein skjønnlitterær tendens.

Slektskrøniker er langt ifrå noko nytt i litteraturen, her går røtene så langt attende som til Det gamle testamentet. I den norske skjønnlitteraturen er heller ikkje slektsforteljingar ein ukjent ting. Mange av dei største norske skjønnlitterære klassikarane tek utgangspunkt nettopp i slekt. Amalie Skrams firebandverk Hellemyrsfolket frå slutten av 1800-talet er eitt døme. Olav Duuns seksbandsverk Juvikfolke (utan -t), frå den tidlege mellomkrigstida, er eit anna.

Høgdepunkt. Dei siste åra har vi vore vitne til ei rekkje andre tendensar i litteraturen. Forfattarane har vendt seg mot Gud, dei har vendt seg mot røynda, og dei har vendt seg mot seg sjølv. Karl Ove Knausgårds enorme seksbandsverk Min kamp, som no får strålande kritikkar utanlands, var eit høgdepunkt for den biografiske vendinga i norske romanar.

Når forfattarane no utvidar dette perspektivet, som mange kritikarar har omtala som nærsynt, men som andre nettopp har prisa som ålmenngyldig og klarsynt, er det linjene bakover i tid som trekkast opp. Berre i haust får vi ei rekkje romanar der forfattarane på ulikt vis grev i si eiga slektshistorie.

Solstads slekt. Den fremste av desse forfattarane må nok seiast å vere Dag Solstad, som snart er aktuell med romanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1895. Solstad var i forkant av den biografiske vendinga med romanen 16.07.41 for elleve år sidan. No følgjer han si eiga slekt på morssida gjennom nesten 300 år. I romanen, som ikkje er publisert enno, undersøker Solstad kvar grensene ved innleving i historiske liv går. «Det har levd et vell av mennesker før oss. De har pustet og strevd for å overleve. Når de dør, blir de borte, og vi kjenner dem heller ikke ved navn,» sa Solstad ifølgje Bygdeposten då han nyleg vart intervjua av Thure Erik Lund på Litteraturfestivalen på Øst-Modum. I slektshistoriene som blir fortalde i romanen, møter vi mellom andre fembarnsmora som drog til Amerika – ho kunne berre ta med seg tre barn. Andre stader ligg historia i mørkret. Solstad lar seg visstnok ikkje freiste til å dikte vidare på det kjeldematerialet han har.

Samisk blod. Solstads slekthistoriske roman står ikkje åleine i haust, for fleire andre skjønnlitterære forfattarar tek utgangspunkt i forfedrar og formødrer. Herbjørg Wassmo starta på prosjektet sitt med den førre romanen, Hundre år, før ho vidarefører det i haust med den nye Disse øyeblikk. I den nye romanen har ho skrive slektshistoria heilt fram til seg sjølv.

Helene Uris nye roman, Rydde ut, handlar også om slekt. Det viser seg nemleg at Uri oldefar var av samisk opphav, og då mor hennar døyr, reiser Uri til Finnmark for å nøste opp i si eiga historie. Denne historia blandar Uri med ei fiktiv historie om ein språkforskar som reiser same stad for å forske på språkdød.

Og nyleg kom Cecilie Engers roman Mors gaver, der forfattaren brukar mora sine julegåvelister frå mange tiår til å fortelje slektshistoria frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Aukande interesse. Denne interessa for slekt speglar ei aukande interesse i samtida. Vi såg det allereie då Edvard Hoem gav ut Mors og fars historie i 2005. Boka fekk ei fantastisk mottaking, og Hoem reiste land og strand rundt i etterkant.

Forfattarane har mykje godt stoff å boltre seg i, og må samtidig kjenne på ansvaret i det å skrive om eigen familie og eiga slekt. Ikkje alle blir like glade når avdøde slektningar blir omtala i ein roman, noko striden om Knausgårds Min kamp minna oss om.

Likevel: Den skjønnlitterære vendinga mot slektshistorie er ein spennande tendens. Blod er tjukkare enn vatn. Og forfattarane skriv best når dei skriv om noko dei interesserer seg for.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker